Side:Martyra.djvu/118

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Det va som aa aapne ein glugge fraa eit kjellarhol der lik-lukta stend ut. Lygn, kjøpte vitne, kjøpte domara, sakførara med botnlaus pung, flaaeri over al maate, retten i pengefolks lomme. Aa for slik domstol møter 8 fatige menn, for det meste utlendinga, mot staten Illinois med si rike kasse aa sine pengekonga. Ulikare kamp skal ein leite etter. Kjøpte aviser skrik anarkistane ut for villdyr som berre søkjer blo. Kjøpte uslinga gjer kvar dag lange rørande spalta om dei saara, som politikonstablane fek. Ingen hev eit or aa seie om alle dei arbeisfolka som politie skaut ne. Ingen eit or aa seie om al den jammer anarkistane ofra al si kraft paa aa avøye. Det er som heile folke, baade høge aa laage, reiser seg imot dei, fylles med hat aa krev berre ein dom: dauen. Men endaa folkehate reiser seg imot dei som ein havsjø, so er der daa nokre som skyna paa dei aa som trur at retferda maa vinne. Dei sanka penge saman aa leiger ei 2—3 av dei beste juristane i Amerika til forsvarara. Over eit aar varer prosessen. 76,000 dollar (281,000 kr.) maa anarkistane punge ut med til forsvare sit. Det hjelpte daa alt like mykje. Dei va dømde fyreaat. Ingen ting kunne provas mot dei. Statsadvokaten sjøl (Grinnell) laut tilstaa, at ingen av dei som sto for retten ha kasta bomba. Det vart eidfest av 10 vitne, at Parsons va gaat fraa møte aa sto saman med kona si i Zeph’s-hallen 450 fot derifraa, — at Lingg va 2 mil burte, —