Side:Martyra.djvu/116

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Netrødde milliona, utsvelte stakkara, daarleg løn, utplundring, kriser, streiker, arbeisløyse, misnøje.

————————

Dette va insia paa det sajafunde som ha ofra so mykje for aa gjere ende paa negerslavene. Aa ikkje før va slavekrigen slut aa verste saara lækte, før røster tok til aa reise seg mot al denne jammer.

Kring 70-aara skipa dei ein internasjonal klub i Chicago med greiner utover til alle kanta. Aa det krave vart sett op til fanemerke, at arbeisprodukta skal høyre arbeisfolke til.

Sosialismen spreier seg utover. Dei beste arbeiarane vakna til ettertanke aa slutta seg saman. Fleire aa fleire parti veks op. Men so vert der og spalting i synsmaatane. Nokre er der som misser trua paa kongressen. Dei ser kor arbeismannen sel stemma si paa valdagen. Dei »folkevalde« er pengevalde; det nytta altso ikkje paa den maaten; andre veie maa finnas. — — Det er anarkistane dette, med si tru paa folkemagta utafor lovens former, aa eit framtissamfund der alle hev same ret aa eig det dei tilvirka.

Men noko med det fyrste som maatte gjeras, aa som alle kunne vere med paa, det va aa lette vilkaara for dei som hadde arbei, aa paa same ti skaffe arbei til dei arbeislause, ved aa korte paa arbeisdagen. 8 timars arbeisdag vart programe som alle tenkjande sanka seg om. Mange møte vart haldne om dette i Chicago. 4de mai 1886