Side:Martyra.djvu/112

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


tenke meir paa si slegt enn sit eie beste, so han held ikkje op med aa sprøyte si gift i kjøte paa fienda aa soleis med sin eien dø skapa den rædsle for mauretuva som er den beste trygd mot aagrip, so aar etter aar ho kan staa der urøyvd i ville skogen, — den magt som driv ein ape i livsfaare for aa rædde sin hjelpelause kamerat, aa læt ein eskimo dele siste kjøtstykke sit med sin svoltne granne, — den magt som let Descartes der han sat, burtgjøymd aa løynd, drøyme om det folke som jaga han or lande, aa Vinje blaase varme i sine kalne neva med’ han la grunlage til ein bokavl aat eit folk som log aa svelte han ut, — den magt som fek Kristus paa korsen til aa be for sine rettara, aa som læt Ruslands ædlaste aander uta klagemaal drage sin siste suk i Sibirien for sit arme folk, — kjærleikens magt, som finn si glee i sit stræv for andre, si lukke i alles vælferd, aa si løn i si ofring. Den fyrste magta, herskarmagta, er nemleg som vinteren som leg markerne etter seg øye, aa hev framafor seg tomheit aa kulde der aanda stygges i fraa aa døyr. Men hi magta grør det etter som det grør etter solskine om vaaren naar snøen er smoltna vek aa telen i jora tina.

Anarkist-draape i Chicago hev vorte ein slik straale som vil tine telen; aa bloe vil gjøe jorbotnen for nye tanka, degge dei turre i strien, aa friske dei trøytte til nyt arbei. For arbei skal der til; langt er det fram; aa menneskjenaturen er tøyeleg. Ein ser det er gale; men toler aa venter; gir seg gang