Side:Martyra.djvu/101

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Fatigfolke kom i fengsel. Brotsmenn vart pint paa dei verste maata. Ein tjuv skulde kje berre halshoggas. Men han skulde fyrst knipas med gloande tenger, aa so misse armane, aa deretter hovue. Simple folk vart endaa mindre vyrde daa enn no aa medfarne som dyr.[1] Embætsstande va over dei med sin autoritet.

Det va ikkje ljost aa ta fat for ein rudningsmann, ein apostel for den frie tanke, ein talsmann for likskap aa folkelegheit. — Embætsstande kunne han ikkje vente stor hjelp av. Borgarstande va handelsfolk som berre tenkte paa forretninga, eller handverksfolk som knapt va boklære. Aa bøndene sat avstengd fraa alt liv; takke til hadde dei ein huspostel aa ein bibel, — dei som va boklære. Aa det verste av alt, ein va bunden til den flekken ein budde paa. Post gjek kje over lande som no. Berre so av aa til kunne der gaa sendebo millom embætsfolka. Fasting kunne kje faa sende blae sit til utabys folk før aare va ute. Daa sende han heile aargangen.

I denne tia hadde Voltaire sett kveik i Europa med sin brakande spot. Han hadde sett gud av i himmelen aa sjøl teke rome hans paa jora, som det saag ut til. I dei høgre samfundslag va der ikkje

  1. Det fortels om Pontoppidan, som va bisp i Bergen fraa 1747 —1755, at han, eingong han vilde til Kristiania aa sjaa Kongen, so brukte han bønder til aa dra seg over Filefjel. 32 mann i greie for ein bisp! — Aa Pontoppidan skulde endaa vere ein folkeleg mann.