Side:Markusevangeliet (1870).djvu/37

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

„Menneskje-Sonen verder yvergjeven i Manna Hender, og dei skula døyda honom, og etter at han er døydd, skal han standa upp paa tridje Dagen.“ 32 Men dei skynade ikkje det Talet og vaaro rædde fyre at spyrja honom.

33 Og dei komo til Kapernaum, og daa han var heima, spurde han deim: „Kvat talade de um paa Vegen?“ 34 Men dei tagde, for dei hadde ordast med kvarandre paa Vegen um kven som var den største. 35 Og han sette seg og kallade dei tolv og sagde til deim: „Um nokon vil vera den fremste, so vere han sidst av alle og Tenar til alle.“ 36 Og han tok eit Barn og sette det imillom deim, og daa han hadde teket det i Fanget, sagde han til deim: 37 „Den som motteker eit slikt Barn i mitt Namn, han motteker meg; og den som motteker meg, han motteker ikkje meg, men den som hever sendt meg.“

38 Men Johannes talade til honom og sagde: „Meister, me saago ein Mann driva ut Djevlar i ditt Namn, og han fylgjer oss ikkje; og me forbudo honom dei, av di han ikkje fylgjer oss.“ 39 Men Jesus sagde: „Forbjode honom ikke; for ingen, som gjerer ei kraftug Gjerning i mitt Namn, kann snart tala illa um meg. 44 For den som ikkje er imot oss, han er med oss. 41 For den som giver dykker ei Skaal Vatn i mitt Namn, fyre di de høyra Kristus til, sannlege segjer eg dykker, han skal ikkje missa si Løn. 42 Og den som forfører ein av desse smaae som tru paa meg, honom var det betre at det vardt