Side:Markusevangeliet (1870).djvu/36

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

eg vera hjaa dykker? Kor lenge skal eg tola dykker? Føre honom til meg.“ 20 Og dei førde honom til honom. Og so snart som Anden saag honom, rykte han honom; og han fall til Jordi og velte seg og frodade. 21 Og han spurde Fader hans: „Kor lenge er det sidan detta timdest honom?“ Men han svarade: „Fraa han var Barn. 22 Og mange Gonger hever han kastat honom paa Elden og i Vatnet til at døyda honom; men um du kann gjera nokot, so ynkast yver oss og hjelp oss.“ 23 Jesus sagde til honom: „Um du kann? Allting er moglegt aat den, som trur. 24 Og med det same ropade Fader til Barnet og sagde: „Eg trur, hjelp mi Vantru!“ 25 Daa Jesus saag at Folket strøymde til, trugade han den ureine Anden og sagde til honom: „Du maallause og dauve Ande, eg byder deg, far ut av honom og far ikkje meir inn i honom!“ 26 Da skreik han og rykte honom myket og foor ut av honom; og han vardt som daud, so at mange sagde: „han er daaen.“ 27 men Jesus tok honom i Handi og reiste honom upp, og han stod upp. 28 Og daa han var heimkomen og dei vaaro eine saman, spurde hans Læresveinar honom: „Kvi kunde ikkje me driva honom ut?“ 29 Og han sagde til deim: „Dette Slaget kann ikkje fara ut med annat en Bøn og Fasta.“

30 Og dei foro derifraa og gingo igjenom Galilea; og han vilde ikkje at nokon skulde vita det. 31 For han lærde sine Læresveinar og sagde til deim: