Side:Markusevangeliet (1870).djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

det som dei hadde lært. 31 Og han sagde til deim: „Kome med meg avsides til ein audsleg Stad og kvile der ei Stund.“ For det var so mange som komo og gingo, og dei hadde ikkje eingong Matfred. 32 Og dei foro fyre seg sjølve i ein Baat til ein audsleg Stad. 33 Og Folket saag deim fara burt, og mange kjende deim og sprungo Landvegen dit or alle Byom og komo fram fyrr en dei. 34 Og daa Jesus steig ut, saag han myket Folk, og han ynkadest yver deim, for dei vaaro som Sauder som ikkje hava nokon Hyrding; og han tok til at lære deim mangt. 35 Og daa det var langt daglidet, gingo hans Læresveinar til honom og sagde: „Detta er ein audsleg Stad, og det er langt framlidet; 36 lat deim fraa deg, at dei kunna ganga i Bygdi og i Smaabyarne her umkring og kaupa seg Braud, for dei hava ikkje nokot at eta.“ 37 Han svarade og sagde til deim: „Give de deim at eta.“ Og dei sagde til honom: „Skulo me ganga og kaupa Braud fyre tvo hundrad Peningar og giva deim at eta?“ 38 Han sagde til deim: „Kor mange Braud hava de? Gange og sjaae etter.“ Og daa dei hadde seet etter, sagde dei: „Fem, og tvo Fiskar.“ 39 Og han baud deim at lata alle setja seg ned saman i ymse Matlag i det grøne Graset. 40 Og dei sette seg ned i Hopar paa hundrad og paa femti. 41 Og han tok dei fem Braudi og dei tvo Fiskarne, saag up mot Himmelen og velsignade og braut Braudi og gav Læresvei-