Side:Markusevangeliet (1870).djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

narne til at leggja fyre deim; og dei tvo Fiskarne skifte han imillom deim alle. 42 Og dei aato alle og vordo mette. 43 Og dei toko upp tolv Korger fulle med Molar, og av Fiskarne. 44 Og dei, som hadde etet, vaaro umkring fem tusund Mann.

45 Og med det same nøydde han sine Læresveinar til at stiga i Baaten og fara fyre honom burt um Vatnet til Betsaida, medan han leet Folket fara burt. 46 Og daa han hadde latet deim fraa seg, gjekk han upp aa Berget og vilde bidja. 47 Og daa Kvelden var komen, var Baaten midt paa Vatnet, og han var einsaman paa Land. 48 Og han saag at Rodren vardt tung fyre deim, av di dei hadde Motveder. Og paa fjorde Naattvakti kom han til deim, gangande paa Vatnet, og vilde ganga fram um deim. 49 Men daa dei saago honom ganga paa Vatnet, meinte dei det var ein Dauding, og dei skriko, 50 for dei saago honom alle og fældest. Og med det same talade han til deim og sagde: „Vere urædde, det er eg, ottest ikkje.“ 51 Og han steig inn i Baaten til deim, og Vedret spaknade. Og dei undradest storlege, 52 for dei hadde ikkje vordet skynsamare av det som hende med Braudi, for deira Hjarta var hardnat.

53 Og daa dei vaaro yverfarne, komo dei til Landskapet Genesaret og lende der 54 Og daa dei vaaro stigne av Baaten, kjende dei honom med det same 55 og sprungo um heile Bygdarlaget og toko