Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/93

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent

kunne ikkje seia nei heller, sidan det var så seint.

«Kvar helst er den karen ifrå … eg vil ikkje rett kjenna deg?» sa ho. Han svara ikkje eit steins ord, og det tykte dei ikkje var underleg, gutane; for alle måtte då sjå og skjøna at dette var bekafanten og ingen annan. Men ho Lisbet hadde ikkje betre vit, ho spurde opp att, og då svara han så høgt og stutt at det var så det sokk atti: «Frå Sverike! sa han.

«Å, er du det,» sa ho Lisbet heller lågt; «ja, så får du gå inn då,» sa ho, og dermed så fylgde ho bekafanten inn borti gangdøra.

«Huff, at ho torer fylgja han inn åleine; eg torde ikkje gå inn om eg fekk ein dalar,» lét han Pål, han torde snautt tala høgt enno, og det same tykte dei andre òg. Men rett lenge var det likevel ikkje før dei våga seg ned til bakdøra og inn i kjøkenet, og derifrå kom dei seg snart heilt inn i gangen og hadde augo inn i dørglytten og freista få sjå atti bekafanten for kvar gong ho Lisbet gjekk ut og inn. Men det var ikkje mykje dei fekk sjå der heller. Han sat borti kråa attmed omnen og snudde ryggen mot ljoset. Ingen av vaksne-karane var komne inn enno, så han sat der reint åleine når ho Lisbet var utom døra, og då var det ikkje til å tenkja på å våga seg lenger. Men det vart fælande drygt å venta til karane kom, og at han var så farleg, var nok ikkje fritt det lokka og drog, det òg. Så var det sistpå ikkje råd å halda seg lenger, dei smaug inn gjennom døra attafor stakken hennar Lisbet og stiltra seg bort i kråa på