Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/92

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent

inn i stovene og gøyma seg; men då fekk dei ingen ting sjå når han steig til gards. Så vart dei samde om at dei skulle stå oppi sauhusgluggen, der dei stod den gongen presten kom. Der kunne dei sjå han så godt og sjå kva stove han gjekk til, og teikna det til noko farleg, så kunne dei berre slå att luka for gluggen og ha den store jarnkroken attfor innapå sauhusdøra. Då kunne han aldri bryta seg inn, kor rispande galen han var.

Han kvarv bort eit bel, medan han gjekk opp under bakkebrotet nedafor husa; men lenge var det ikkje før han kom stigande fram for bua nedi tunet, og hadde dei ikkje visst det var bekafanten før, så måtte dei sjå det no. Han var lang og fillut, så det berre slong kring han, og bar på ein stor fillesekk på ryggen, og på hovudet hadde han ein høg svart hatt. Og i andletet … ja reint beksvart var han ikkje, så mykje dei kunne sjå i halvmørkret; — «han har kanskje ikkje smurt seg med bek plent i dag,» kviskra han Andres. Men så mykje svart var han at alle kunne sjå det var bekafant og halvheidning.

Han hadde stogga og stod og glana ikring seg og harka og mulla med seg sjølv. Det var så nifst å høyra at dei krøkte seg radt ned for veggen og torde mest ikkje glytta opp. Så høyrde dei det kom nokon; det var ho Lisbet borti stova. Fanten gjekk bort og helsa på henne med eit underleg grovt mål, og spurde så om han kunne få hus der med natta.

Ja … ho såg på han og drog noko på det, men