Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/74

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


å skina, var det ikkje lenge før dei kom seg til huset i kvitbjørnen. Dei var trøytte av å laupa og springa no, og det var så høveleg tid til å sitja der i god fred ei stund. Dei tok juleeple og julenøtter med, og Pål og Gunnar hadde endå kvar si lita lommeflaske med ein drope juleøl på som dei kalla julebrennevin.

Dei let vel att døra etter seg og tetta til med halm rundt ikring. Då var det så døkt i stova at dei berre så vidt såg kvarandre. Men på den sida som snudde mot månen, stod det ein bleik ljoske gjennom snøveggen. Det var som dei skulle sitja inni eit fjell og sjå berre eit lite glim av dagen. Så beit dei på nøtter og drøste og smaka på julebrennevinet og vart jamvel litegrann fulle, som ein skulle vera når det var jul; og dei fraus ikkje det slag. Det var radt som dei skulle sitja heime i ei stove, lét dei, og det var då ikkje så underleg; for det var ikkje alle hus, som hadde så dugeleg tjukke vegger.

«Men det er då ikkje noko hus som dei andre husa, det er ein kvitbjørn vi sit i,» sa han vesle Andres.

«Ja, skulle han no ta til å gå, alt med vi sit her,» sa han Kolbein. «Eg tykkjer mest eg kjenner han ledar på seg, eg.»

Dei tagna og kjende etter, og då var det skilleg som dei tykte det same alle saman — at kvitbjørnen gjekk. Berre stilt og fint, så dei så vidt merka det; men gjekk gjorde han nok likevel.

«Kvar vil han av?» sa han Kolbein.