Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/66

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Ein dag borti løa hadde dei det svært gildt. Han Pål hadde fortalt eitkvart, og så fekk dei auga på den gamle kjetta hans Per nedi-stova, ho sat på golvet oppi korn-romet og halvsov. No visste dei det or denne boka, at ei kjette kunne vera mangt, ho. Det kunne gjerne vera ei forgjord kongsdotter for alt det dei visste. Så skulle han Gunnar vera troll og ta og setja henne i eit blått berg. Der stod ei stor tynne bortpå golvet, den skulle vera berg; der sette han kjetta varleg oppi og la eit lok over, og sjølv sette han seg framføre fjellet og vakta på henne og gjorde seg ein svær, lang nase av halm og hengde på seg. Og han skulle ha to gode hjelpesmenner med seg. På den eine sida skulle han vesle Andres liggja og vera einhyrning, og på den andre sida han Kolbein og vera linnorm.

«Ja, ja, det lyt no vel helst vera som ein linnorm-unge då,» slo han Pål frampå; for det skulle vel liksom vera noko meir til tøyg og lengd på ein vaksen linnorm. Men då vart han snurten, han Kolbein. Fekk han ikkje vera anna enn ein linnorm-unge, når han Andres var ein skikkeleg einhyrning, så ville han ikkje vera nokoslag; så kunne dei vera forutan linnorm og sjå kor godt det var, sa han. Nei, så fekk han vera ein vaksen linnorm lenge nok då, og det var endå godt dei fekk blidka han med det. Han fann seg ein gamal rivetind og heldt mellom tennene, det var ei fæl eitertann; og han Andres sat og heldt ein lang stav rett fram for nasen, det var det fæle hornet på einhyrningen.

Men så var det han Pål, han skulle koma og