fortalde han det med dei andre gutane. Og dei var ikkje minder forvitne. Dei ville berre få høyra meir og meir. Dei fekk jamvel hug til å lesa om alt dette sjølve. Så lurde dei seg til å ta boka med bort i sauehuset og sat og las der. Men då hadde det så nær gått gali. Dei vaksne hadde alt lenge tykt at han Pål var svært strid til å hengja over denne boka og hefta seg bort med ho, og så fekk mor hans vita at dei endåtil sat ute og las; det var han Kolbein, den tosken, som hadde slarva om det Då hadde ho så nær teki og læst inne heile boka. Det måtte vera eit snodig gudsord i den boka, med di ungane hadde vori så forhuga, sa ho; for ho såg ikkje anna enn at både salmeboka og dei andre gode bøkene fekk liggja fint i fred i hylla. Han svara ikkje noko, han Pål; det var aldri verdt å la dei vaksne få nasen oppi for mykje. Han berre plystra og leita etter vottane sine bortmed omnen og lest aldri sjå etter den skarve boka. Då gjorde ho ikkje meir av det, ho sette boka opp i hylla att.
Etter den dagen våga han ikkje å lesa stort så dei vaksne såg det; men så ofte det lét seg gjera, stal han boka med seg ut og sat og las kvar det kunne høva. Og då han hadde lesi alle sogene til endes, var det mest likså gildt å lesa dei oppatt, og for dei andre likså gildt å høyra dei ein gong til. Dei levde reint som i ein eventyrheim så lenge dette varde, og når dei var ute og moroa seg, tok dei snart til å vera både oskeladdar og kongar og troll sjølve.