Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/41

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


Dei sat borti bestemorstova ein dag fram på hausten, gutane, og maksla på kvernkallar som dei ville setja opp i bekken. Så såg dei han Velom koma borti tunet og hit til døra. Dei hugsa kor snill han hadde vori sist, og ottast minst at han skulle bera på noko ilt no. Det tedde ingen ting sers på han heller, då han kom inn. Han helsa på vanleg vis og spurde korleis folk stod seg, og så spurde ho bestemor korleis dei rusla ned med sjøen.

Å jau, sa han; men det var heller skralt med han Njædl enno; det var den gikta som gnog.

«Ja, den gikta, den gikta, ho sparer ingen, ho!» sa ho bestemor; ho for sin part hadde nett gikta i eine leggen, «så det er som krigen heilt frå oklet og opp til kneet,» sa ho.

Dei tok til å flira åt dette, gutane; men så var det med eitt som han Velom fekk ei lune på seg, og så sa han:

«Ja, det var sant, det var nok noko eg skulle seia med ungane, ja. Eg møtte skulemeisteren her nede, og så bad han meg bera bod at presten ville koma hit til skulehuset i morgon og halda eksamen på ungane. Dei skulle møta fram klokka 9, og dei som ikkje kom, fekk mulkt på seg, sa han; for det var strengt og nøye med presten.»

Det seig or nevane på gutane det dei fór med, og det vart stilt som i eit musebol der dei sat. Aldri hadde dei høyrt på maken som det var