Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/119

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


Han låg berre og hustra av fælske lenge etter han var komen i seng, og skjøna ikkje korleis han hadde våga dette. Men då han endeleg vart rolegare att, seig det som ei fjelltyngd over han, at no var all von om kniven borte for alltid — no då dette òg gjekk i mist. Inga makt i verda kunne få han opp att. Aldri meir skulle han no ha kvassare kniv enn dei andre. Aldri skulle han ha noko fagert knivstell å syna fram meir. Han hadde berre tome slira, og det var ingenting. Han laut vel til å bruka utskjemde bordknivar han òg no.

Det var som han sokk i senga der han låg, og no fyrst skjøna til botnar det endelause tapet sitt. Ingen ting ville verta gildt meir etter dette. Og kva ville han Bjedne ha sagt, dersom han hadde visst dette? Han hugsa med eitt så levande på han Bjedne. Han hugsa den dagen han fór. Han hugsa kor underleg han var i augo den dagen. Og det var med eitt som han skjøna det så godt. Såleis var det når ein laut skiljast frå noko som det var så vondt å skiljast frå. Han vart så teken, at gråten losna som ei elv. Det var som han ville renna bort i gråt. Det varde til han sovna.

Han får seg ein Torsteins-kniv.


Han hadde legi som i ein fæl kingelvev av vonde draumar då han vakna om morgonen. Stundom var det som han sjølv låg fast i rivna og hadde vorti eitt med kniven, og stundom var det som