Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/116

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Pål var så redd at han visste ikkje om han skulle våga nokon ting meir. For slepte han ein gong til, var det ikkje tanke om von lenger. Kniven kunne smyga gjennom klemma som ein ål. Men det var ikkje vågande å venta heller. Det var som hans eige liv hang i ein tråd over avgrunnen. Han laut freista att, og fór ned med kroken.

Med endelaus varsemd som ein klokkevisar gjekk det opp att. Seint som ein makk. Dei anda mest ikkje. Berre ei halv alen var sistpå att… då vart Pål som nomen av otte og spaning. Kroken skalv som eit ospelauv, og kniven fór att. Og denne gongen stansa han ikkje. Rivna gjekk på skrå lenger nede, og dei høyrde han rulla, rulla til svarte botnen.

Det var om å gå svart for augo hans Pål. Det fyrste han tenkte på var å banka opp veslebroren, som var skuld i dette. Men då han såg kor broren tok til å stridgråta att, let han det vera. Det kunne ikkje berga opp att nokon kniv, likevel. Han låg snart på mosen og stridgret han òg, endå det var leitt at han Gunnar skulle sjå det.

Det såg ikkje rart ut med Pål og Kolbein da dei kom heim til middag. Dei var raudgråtne og nedfor, så mor deira vart radt skræmd. Men då ho fekk vita kva det var, meinte ho det endå kunne verta ei råd. Dei skulle få han Tormod, tenestguten, med opp. Kanskje han kunne vita ei råd, sa ho. Ja, han var med på flekken. Han stod og såg på rivna eit bel. Så spytta han tobakk og sa: «Er de galne, ungar? Den kjem aldri opp att,