Side:Løland,Rasmus-Det store nashornet-1939.djvu/117

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


lim de så får lensmannen med.» sa han. Og nokre store toskar var dei, som kunne umaka han opp for slikt. Så larka han beint heim att.

Han er ute og leitar om kvelden.

Kniven er borte, borte.


Dei hadde lagt seg om kvelden. Men han Pål fekk ikkje sova. Han kunne ikkje gløyma kniven og låg enno og grunda på bergingsråder, så hovudet verkte. Det var som han ikkje enno rett kunne tru at all von var ute, kva han Tormod så sa. Det var så altfor fælt til å tru.

Då skaut det ein tanke opp i han, så han fór heilt opp i senga. Der var ein liten heller på vestsida av steinen, og han hugsa no at han og Gunnar ein gong for lenge sidan hadde sett eit hol der, som bar endå lenger inn. Kanskje ein kunne koma så langt inn der, at ein nådde radt til botnen på rivna? Tosken han var, som ikkje hadde komi på det i dag! Han fekk gå opp i morgon, så snart det ljosna.

Han freista å slå seg til ro med dette så lenge; men denne vesle vona hadde sett slik uro i blodet hans, at han fekk endå minder sovna no. Og det var så endelaust lenge å liggja i denne uvissa heile natta.

Han gjekk sistpå fram og stiltra seg bort til loftsvindauga. Det var fint og ljost ute. Måneskin og blank vårkveld. Det kunne visst ikkje vera