Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/97

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
Prestfruga, som va saa stor paa di.

De va Eingong ei Prestfruge paa Vaagaa som va kome ’taa saa stort Folk; ho va fødd i Tysklann og Far henne va Ove’st og nerskyld Gjyll-Løvum. Da ho kom aat Vaagaa-Prestgarde ill-treivst ho me all Ting baade ute og inne og naagaa Umgjængje kunde ho ikje haa me andre, hell Skrivar’n paa Sonde og Kaftin Brünnech paa Øy og Lutnan Leffelmann. Ho tykte Bond’-Folke va som oreine Dyr ho ikje kunde taakaa i Hann for alder saa Godt.

Denne Prestfruga, som va saa stor paa di, vart liggjande i Bar’seng eitt ’taa fyste Aarom ho va kome i Bygde og no va likaste Gardmanns-Kjeringunn umkring fraa gamalt vande ve, aa gaa aat Prestgarde me Bar’seng-Grout aat henne „Mor“, naar slikt fall paa. Og naar døm kom me store Embære me Rumgrout saa feit, at han flout i Feitte, saa ha døm stødt vorte væl imottikne baade ’taa ’om Far og henne Mor. Men denne Gongen gjekk de ikje saa. Prestfruga skreik ende upp-over se, ho kunde ikje smaakaa Grouten deres innum Tenn for sit berre Liv, Tenestfolke fekk haa han, um døm vilde. Ja, Kjeringun tykte de va lei’t, at døm kom te aa gaa me Grout, naar de va saales – døm ha vore vannde ve aa gjort de saales førr, naar de kom Nytt i Prestgarde, gat døm um, og døm trudde Grouten sin skulde vera baade rein og ’taa Go’o gjord. Ja, ja, de va godt og væl allt samen, „men jeg kan ikke spise Bondegrød!“ sa ho.

Og saa tykte ho, de va mykjy ’taa di, at Presten va nødd te, aa neva-taakaas me Bonn-Folkje, naar han gav døm Avløysingje i Skrift-Huse[1] di Mess-Daagaane, de va Alter-Gonge. „Aa, Far, nu har du maattet tage i mangen skidden Næve igjen!“ sa ho, naar Presten kom heim-att fraa Kjørkjun. Eingong sporde ho Presten, um han ikje trudde Vorherre vilde gjeva honom og henne og deres Likje eit anna Rum i Himme’rikje hell Bonn-Folk, saa døm endele vart skjølde ve døm. „Hm! – nei Mor, faar vi en anden Plads der, saa bliver det nok en Devels Plads!“

  1. Ette gomol Kjørkje-Bruk ga Presten Avløysing i Skrift-Huse (Sakristiet) og tok kaar i Haande.