Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/96

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 84 –

viken um Natte, men um Maargaan va han saa laak vorte, at de va me Nø’ han heldt se i Sale og de kniptes, at han naadde Sonde me Live. Han dø den 19de Juli 1719. Son hans va berre 14 Aar da Far’n dø og Bue kom onde Skifteretten. Daa Sonde og Haakaasta va de 48 Heste, 78 Nout, 124 Saue, 68 Gjeit og 12 Svin; i Folldale 70 Nout i Fødsle. Heile Bue me Loust og Fast vart taksta for 23 449 Riksdale som svaaraa te paa Lag 430 000 Krono i voro Pening og me Pening-Verdaagaa som no er. Baade han Hendrik Sonde og Fruga laag salva[1] onde Kjørkje-Golve i Vaagaa-Kjørkjun. Fruga laag me eit Baan i kaar Arm og Kjista va saa brei, at døm lout skjera utu for henne i eine Døra-Skjiun i Kjørkje-Dør’n førr døm fekk ho inn.

De ha vore sagt for eit gomolt Ord, at de jemnast kjøm ein Gy’ar ette ein Gjøymar og saales kom de te aa gaa paa Sonde. Da Son hans Hendrik vart myndog og fekk Medel’n sin onde Henn, va han eit slikt Øylann, at de ha vore um-taalaa sia’ all sin Dag. Fa’bro hans ha styrt Bue ette Far’n dø og han ha gjort i Pening allt, han berre kunna, paa di 9 Aarom han styrde. De er fortalt, at de va eit lite Kammers paa Sonde som Peningann va i og der sto døm skaaraa[2] paa Kant ivi heile Golve, saa tett, som døm aatte Rum. Da han Hans Jakup fekk Nyklann aat Pening-Kammerse, gjekk han sta’ læste upp Døre og saag inn; „Glæder og fryder eder!“ sa han, „her kommer eders Forløser!“ Og de va ou Gut, som ikje va lengje paa løyse døm ut og som fekk Føt onde[3] Rikdommen han Hendrik Sonde ha gjøymt ihop. Han somla og drakk og heldt store Herr-Gjestbo i Einingen; kaar han foor gjekk han me Lummom fulle ’taa Pening og ofte naar han dansa, rosste de Pening ut-ivi Golve. Va de da nugun, som vilde hemte døm upp-att sa han Hans Jakup: „Aa la bare ligge, det er saa passe til Gulvefeieren.“ Eingong va han me i eit Gjestbo og da ga han Brur’n 700 Riksdale i Skaale; ein a’an Gong ga han burt Pillarvikje for ein god Dugurd. Paa Sonde heldt han 18 Heste, 19 Bikkjo og 3 Kjy og um nogre Aar gjorde han Ende baade paa Peningom og paa Garde og Grunn.

  1. salva: „balsameret“.
  2. skaaraa: setja paa Kant, felle ihop tettast de eig Rum.
  3. fekk Føt onde: ga døm Føt aa gaa paa.