Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/93

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 81 –


saamaa heilt ut, som ve Heimretten og ba berre um aa bli dømd av me Live. Da Lagmann, Jørgen Fillipsøn, sporde ho, kaafor ho tok Live ’taa Baane, svaaraa ho, at ho den Gongen tykte, at ho orka ikje føde baade se og Baane.

Fyst den 9de Juni 1677 vart ho Anne Jørnsdotter avretta me Sverd i Vaagaa-Mo. Saales ha ho sute Fange paa Kleppe i meir hell eitt Aar og ’taa di kjøm de se, at ho i Folke-Minne ha heitt Anne Kleppe. Og i desse Ti’n ha ho faatt Folkehogen aat se, meir hell nugun, de ha gaatt Fraa-Segun um i Bygden.

Han Gunna Fellese som ikje va heilt skuld-fri i dessa, va inn-stemnd aat Lagtingje; men han møtte ikje og for de vart han dømd te aa bøte 8 Ørtuger og 13 Mark Sylv[1]. Han Gunna ha Ne’falls-Sott[2]; ette de kom upp, kaarles han ha bore se aat me di fatige Tenestjentun, fekk han Vann-Vørdna ’taa alle Folk og de ser ut te, at de vart berre Tuffs me ’om inna’ snøgge Ti’inn.



Sond-Skrivar’n.

I nogre og førretjuge Aar va han Jakup Knutsson Skrivar i Nørdre Gullbransdale. Han kjøpte Sonde paa Vaagaa og budde der te sin Døyan-Dag; de va ein rik Mann og Bone hans kom se godt fram. Ein ’taa Sy’nom hans vart Prest i Danmark, tvo va Skrivare og va att-aat „Assessorer i Oberhoffretten og Vise-Laugmænd“, den fjorde styrde Gardsbrukje aat eine Brore og va „hans Tjener“ baade paa Ting og Kantor. Den eine ’taa desse fire Brørom heitte Hendrik og kalla se Hendrik Jakobsen Smidt; han vart Skrivar paa Vaagaa i 1690; førr ha han i mange Aar styrt Embette for di gamle Far sine. Elles fekk han Brev paa Embette ette Fare allt i 1685.

Sond-Skrivar’n, „han Hendrik Sonde“ som Folk oftast nemnde ’om, va ein go-te-se Kar. Att-aat Skrivar-Embette va han „Assessor udi Oberhoffretten og Vise-Laugmand i Valders“ og i Kvikne og Skaabu kalla døm han stødt Hendrik Lo’mann. Fruga

  1. 8 Ørtuge og 13 Mark Sylv: paa Lag 6 gamle Dale og 2 Mark.
  2. Ne’falls-Sott: Epilepsi.