Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/89

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
Ho Anne Kleppe.

For nogre Manns-Aldre sia va de ei Jente paa Nordigard Kleppe, som va den vakkraste ’taa døm, som gjekk aat Vaagaa-Kjørkjun i henna Daagaa, og ho fekk meir hell eitt Ouga hjaa Gutom, der ho gjekk. Men ingen ha høyrt, at de va nugun ho ha kaasaa se ut og som ho ha de visst me.

Um Saamrann va ho Budeie i Kleppe-Sæter’n og um Houstann naar ho va heim-komin og rei’ Budei-Messa[1], va ho saa roulett og levandes frisk i Hamlet, som ein Blomme. Alle taalaa um vakkre og tylege Kleppe-Jenta.

Men ein Houst ho kom att fraa Sæter’n, va ho ikje meir lik se, hell alder de va; ho va baade bleik og inn-fulle i Kjinnom og saa still og sturinn, at ho ikje saag ut te aa bry se um nugun Ting meir. Og saales gjekk ho heile Vinter’n igjønom og va ikje go-te kaamaa i de gamle Lage att. Detta lout Folk ondras ivi og sins-imillom taalaa døm um, at de lout vera naagaa Dølt[2] ho Anne gjekk og verkte me, men kaa de va, som grov og gnog ho, te ho vart som ein Skuggje, kunde ingen utgrunne. Folke paa Garde fretta ho ette kaa de va, ho gjorde se saa illt ’taa, men da vart de berre Graat me henne og naagaa meir fekk døm alder utu henne. Da de lei’ te Vaars, saag de ut te aa bli enda meire tongt og ohøgt for henne og summe Ti’e va de likt te, aa leite reint paa Vete henna, saa de va illt aa sjaa.

De lei’ saa langt, at Krytyre va fram-paa Tuva komne; da va de ein Dag ho Anne, og ei annor Jente, skulde sleppe Krytyrom um Maargaan og da døm lette att Gjeil-Grinde ette se, vart de att eit Lamb i Gjeila. Da More sakna Lambe sine, vart ho mest galin og kom att-ende og freista tvinge se gjønom Grinnde. „Nei, sjaa de hei’ne Beiste kaar redd ho er for Sine! Enn eg, da, som gjorde Ende paa Mine!“ sa ho Anne da ho saag, kaar kjær Sjedda[3] va um Føstre sitt. Og da ho sa di Orde, vatt ho

  1. Fyste Sonda’n ette Budeiunn kom heim ’taa Sætrom um Housten (fyst i Oktober) va de fast Skjikk, at døm fekk Ri’hest aat Kjørkjun og „rei’ Budei-Messa“.
  2. Dølt: Løynt.
  3. Sjedde: Ho ’taa Slagje ’taa Soue.