Vegfaaraandes, døm kunde faa plukke snou. Jemnast foor baade Handelskare og andre fleire i Følgje og ha Vyrju me se, men summe Ti’e fall de se, lell, at Inkun lout faaraa Sjelle einsle og ette døm ligg de nok att ne-urda meir hell ei Beinra’ paa Sygnefjelle.
Paa beste Saamaare, Eingong, kom de riande ein Lom-Ver uppaa høgste Sygnefjelle; han kom fraa Bern og ha gjillt Pening paa se. Han ha ein frisk Hest og sat me lødd’ Børse paa Oksel’n, saa han ha full ikje stor Otte paa se; men de foor likevæl kaldt ne-over han, da han vart var eit Fantfølgje paa Fjelle att-ve ein Houg. Han va saa nere døm kome, at døm allt ha faatt Ouga paa han og ein stor, fæl Fant reiste se og kom gaa-ande imots ve han. „Kom meg ikje for-ner“! ropte Lom-Ver’n, men Fanten lets ikje høyre di Orde. „Ja, kjøm du meg nerigar no, saa skjyt eg!“ sa Mann da Fanten kom meir og meir inn-aat ’om. „Aa, du har ikje lødt, min Bror,“ svaaraa Fanten. „Tek du no eitt Steg meir, saa smell de!“ sa Mann enno ein Gong, og da Fanten ikje sta’na, klembde han av. Da Krutrøyken seig fraa, laag Langfanten dou paa Fjelle. Lom-Ver’n saag, at han laag me ei avraa’e stor Sylv-Sølju i Bringun og di-me steig han ne ’taa Heste og reiv utu ho. Da han sette se uppaa Hesten att, rekna han nie Hugu burt-me Hougje, men de va ingen, som bou te aa kaamaa fram og Mann rei’ sin Veg.
Housten ette va den saamaa Lom-Ver’n paa Romsdals-Marknae. Best han gjekk der millom Markna’s-Folkje ein Dag, kom de ein Fant burt-aat ’om, slo han paa Oksle og sa: „du er glup Skjyttar du, Mann!“ „Aa nei, eg er ikje større nugun Skjyttar, eg,“ svaaraa han. „Jou, du vei’a ein gjill Bukk paa Sygnefjelle i Saamaar, men du visste ikje aa flaa han; og de va nok de beste for deg. For ha du flaatt han, saa ha du vorte flaatt att“ sa Fanten. Da skjøna Mann, at de va ein ’taa di Fantfølgje han raakaa paa Sygnefjelle og me di han sa, at Mann ikje visste aa flaa Bukken, meinte han paa eit stort Belte, den Fanten han skout, ha um Live. De va hard-stappa me Heil-Pening og de saag Lom-Ver’n, men han va klok nokk te ikje aa taakaa de.