Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/71

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 59 –

Leig-Sylatere aat di svenske Konga. Døm tok ut fraa Skottlann paa 2 smaavordne Skjep den 2 August 1612. Kaar stor denne Hopen va paa Tal, er de nok vandt aa faa full Visse for; Sinklars-Visa nemne 1400, men døm som ha granska ette di seinar, ha sett de ne baade te 600 og 300. De mest trulege er, at de va 3 Kompani paa um Lag 400 Mann. Hugu-Førarr’n heitte Aleksander Ramsay og onde honom sto tvo Kaftine, han Georg Sinklar og han Georg Hay; der-te va de me 3 Lutnane. Denne Hopen ha etla se te aa lennde i Romsdale, faaraa der fraa uppi Gullbransdal’n, ut-paa Flat-Bygdinn’ og inn-i Sverig. Den 19 August kom di tvo Skjepe inn-i Romsdalsfjord’n og her fakla døm ein Bonde som sat i Baate sine og fiska, da døm kom. Han heitte Iva Helland og aatte heime paa Vestnes; hann tvinga døm no te aa styre Lei’e for se og sette ’om forr aa styre beint inn paa Romsdalsnese. Da Skjepe kom inn-igjønom Fjord’n te de va att berre ein Fjordong paa Nese, va de ein Mann paa ein Gard kallas Klo’nes, som fekk sjaa døm og trudde de va tvoug Kønn-Skjep, som kom seglande. Han va imillom for Kønn og tok Pening-Pongen sin me 3 Dale i og rodde ut aat Skjepom. Da fekk han no trast sjaa, at han foor imiss, men da va de allt forr-seint aa kaamaa onda og døm tok han umbord. Me di saamaa sa han Iva Helland, at han ikje tordes aa segle lenger me saa store Farty og skulda paa, at han va ’kje rettele kjennd lenger. Og me di slapp han og fekk Betaling ou, for Arbei’e; han rodde beinast inn-paa Nese og vara Folk um, kaa som va i Ventom.

No sporde døm han Per Klo’nes, um de va seglført inn-paa Nese og han svaaraa kvasst, at de va Livs-Fare aa segle lenger inn. Døm ba han da aa setja te-lanns og saa lennda han døm tett ve Gard’n sin ve ein Berge’Haamaar, som ette den Dag heitte Skotthaamaar’n. Og me di Skottann vart narra te aa gaa ilann der, fekk døm 2 Mil aa gaa te-kroks i styggt Olennde umkring Isfjord’n. Han Per Klo’nes vart tvinga te aa vise Vegen og de ha vore sagt, at døm foor stygt aat me ’om. Døm ha nok tikji te aa skjøna, at Kar’n va ’kje aa tru, men han fekk Tak te aa gjera Tenestgjenta si inn-paa Nese me Baa, ha de vore sagt. Da døm endele kom paa Romsdalsnese, va døm saa