gunn i Kjefte. Nyborne Kalven, som va saa frisk, han dansa i Binga, kunde i saamaa Tima faa Renn’spena[1] saa han sto som ein Hekt-Krok og remja verre, hell han skulde havt Varme i Innvolde. Jou, de va nok ikje aa ondrast ivi, at Folk tok se va’r og brukte di Raa’inn døm visste for aa halde Roon og Trolldom ’taa se. Krossen og Staale og Varmin va di tri Tingje, som varde vissast mot di Vonde og di Raa’inn kunde da alle og kaar bruke.
Men no va de ikje berre Trollkjeringunn og Roon-Kallann inna-bygdes di Gamle ha aa ottast forr, de foor aa rakte Finne og Finn-Tøkjo baade ei Ti og annor, og døm va no di aller-verste. Um Nugun gjorde se Ovinni me døm, glatt de alder, at døm hemnde se og de saa hardt, at de sprang baade Liv og Helse og Vælferd. For eit Manns-Minne sia foor de ein gomol Finne i Lalms-Gardom; han gjekk og ba aat se og da han kom aat Rottem va de saa seint paa Dagje, at han ba um Hus te Natten. Men de vart nekta. Da gjekk han burti Døre, heldt i Døra-Honka og spaadde di Garde ei laak Heppe fram-igjønom Ti’e. „Her te-gards ska de ingen Mann bli lang-verande!“ sa han, „den eine kaamaa og den andre fly Rottem som fjørlouse Kraako!“ Og sia ha de vore berre Umskifting me Eigarom paa Rottem. Fraa Rottem gjekk Finnin aat Skaar og ba um Hus, men Kjeringje sa Nei. Paa de tok han upp tvæ Flise ’taa Golve, la døm ikross og kasta den vetle Krossen burti Sengje: „der skal Krossen liggje!“ sa han og gjekk te-dørs. Trast ette vart Kjeringje liggjande te-sengs og laag i aar-vis te ho va berre Skjinn og Bein og saag ut som ein Bein-Kross da ho endele slapp utu[2].
Døm va no namnsporde ou, Finnann all sin Dag for Roon-Konstinn sine. Og saa ho Lisbit Nupom! ho va no full den verste Trollkjeringje, som ha livt her i Verd’n, ette som de er fortalt. Ho kom fraa aa gjera, mest kaa ho vilde, og døm sa, at ho drog aat se Krytyr i louse Ve’re fraa andre Bygd-Lag, dit ho budde norda’ Fjelle. „De va Fan’ te Førkje!“ sa Valdersen um ho Lisbit, „ho drog Kalvadn i louse Ve’re saa de skrangla i Bjødlo.“