Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/49

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 37 –

og krossa ivi han me sitt eigje Vatn, for de gjorde saamaa Gagne. Gløymde Folk aa setja Kross paa slike Ting, saa kunde Trollkjeringje kaamaa og bruke døm te Ri’hest Jønsuku-Natte og sto ikje Krossen paa Mjolke-Kollo, Æmbære og Fat, saa ha Trollkatten Magt te aa draagaa ’taa di, som i døm va.

De va ei fæl Magt døm ha, summe ’taa desse stygge Trollkjeringom og um Folk va alder saa vare, visste døm ikje Orde taa, førr de va kome Ofoll[1] paa Folk hell Krytyr og vissa va de Krytyre, Trollkjeringum va saa ferdoge te aa gjera illt paa, trast de va Nugun, døm vilde hemne se paa. Um Krytyre va saa friske, at døm gjekk i einn Dans utu Fjose um Maargaan naar døm vart løyste, taa Baase, kunde de radt hende i saamaa Tima, at ei ’taa beste Kjyom kom inni ein Troll-Gust[2] og vart staa-ande der og skjølve, trutna upp kring Ougun og fekk ikje i se eit Straa. Um Ein da vart var di trast og ha lært saapass, at han tok ein Halm-Tytsjyl, sette Varme i og foor tri Gongo rangsøles umkring de laake Krytyre me ’om, hell um ein aatte lite Sylater-Krut aa ha i de, saa va de jemnast Gusten sleppte og Krytyre bergast. Verre va de, disom de va Finnkule hell Skott, da va de ikje anna forr, hell faa i Ein, som ha lært gjera aat og som va go-te aa setja Trolldomen att-ende. Men de va ikje tjukkt ’taa døm, som ha lært di Aatgjerdinn og ikje ha Folk Hog paa aa lære døm hell, for de va naagaa Bønne[3] utu Svart-Boken som vilde te. Di Bønninn las døm ivi ein Kopp me Salt og sondagsmale Mjøl som døm rørde i me ein berr-stæld Kniv og ein Kniv vart antell drivi inni Fjosveggen upp-ivi Krytyre, hell lagt imillom Hønnom. Va ikje Skote hell Finn-Kula kome forr langt inni Kroppen, saa kunde de hende døm lout att-ende og da stokk de eit Liv ista’n hjaa den, som va Upphave, men jemnast mona de ikje Mot-Raae for Skott og Finn-Kule.

De va paa mange Vis Trolldommen kom, og Folk kjende se alder trygge korkje for Smaatt hell Stort. Der kunde Øyken faa Trollrev[4] mea han sto i Skjækom, saa braadt som de skulde vore kasta paa han, og der kunde Sou og Gjeit faa Braasott og døye me Tug-

  1. Ofoll: Oheppe.
  2. Troll-Gust: litol Vinn-Flogo som Trollkjeringo og Roon-Kalle senda ut og som bar Sott og Sjuko me se.
  3. Bønne: her Troll-Bønne, „Besværgelser“.
  4. Trollrev (Trollree): hard Maagaa-Sjukdom hjaa Øykjom.