Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/43

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 31 –

Gongen ’taa di firklovne Rogne-Stave. Han lout taakaa, de han fekk, baade orekna og omælt, og slik Dengsle fekk han, at ha de vore eit Kriste-Menneskje, saa ha Live sprongje i saamaa Stonn. De andre Følgje vart saa redde, at døm sette paa Døre i slik Offse, at den eine volt over den andre ut-igjønom Døra-Gape. Han, som fekk Hogg, slapp no endele lous att ou, te Slutt og da foor han som ei Pil utu Stugun. Men ette di Dagje ha Ingen merkt meir te Hougafolk hell Onde-buandes paa Sveine, korkje yrkt hell heilagt.

Hav-Fruga.

I summe ’taa di vakraste Fjellvatnom budde Hav-Fruga, men de va reint eit Onders-Hende aa faa sjaa ho. Di Gongann ho viste se, sat ho stødt paa ein Stein ut-i Vattne og greidde de lange, gule Haare sitt. Haare henna stikte[1] som Silkje og mea ho heldt paa greidde upp di lange Lagdunn[2], va de jemnan ho song og den Songen henna lyddest saa nouande vakker. Ho ha ein framifraa vakker og vælskapt Kropp ne te-beltes, men nea’-for ha ho Fiske-Skapna.

Ve Flatningen va de ein Mann fraa Ner-Skaar, som raakaa te aa faa sjaa Hav-Fruga. Ho sat ut-i Ose, nakjin te-beltes og greidde Haare sitt og de blenkte paa de som Gull i Maargaa-Sol’n. Attaat song ho saa levandes vakkert, at Skaars-Mann vart staa’ande reint som fjettra og ly’e paa, han ha alder høyrt naagaa vakrar. Men enda tok han Børsa, han gjekk me, og skaut eit Skot paa ho – de va nok hard Gut, den Skaars-Mann. Hav-Fruga foor ikje ille ’taa Skote, men ho gav ’om ein Spaadom me di saamaa, ho duppa ne-i Vattne att, og den va ikje ’taa Go’o. „Ingen heppin Mann i Ner-Skaar skal bli te niande og tiande Le’!“ sa ho. Og ette di Spaadomme gjekk de ou, tes tiande Le’n va ut-li’in.

Detta saamaa henda ein Mann fraa Leine i Kvam, han fekk sjaa Hav-Fruga ve Furusjø’n. Ho ou, sat og song saa vakkert mea ho heldt paa aa fletta de gull-gule, lange Haare sitt i

  1. slikte, aa slikje: blenkje, „glindse“.
  2. Lagdunn, Flt. ’taa Lagde: Lokk.