Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/41

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 29 –


som Is inn-ve Ryggjebeine og bakette vart eg saa sveitt, at de silla ne-ivi Kjaakaane.“



Hougafolke paa Sveine.

Paa ein Gard i Sjaak som kallas Sveine, va de ei Ti’ førr i Verd’n døm va saa ille ute for di Onde-buandes te kaar Jul, at Folke lout rymme ’taa Garde saavisst, som Juleftan kom. Og te andre Ti’e va de hell ikje Fre’ aa faa i Husom, di Onde-buandes tok Mat paa Stabure, gjorde Illt paa Krytyre og fann paa allt de Galne, som kunde upp-tenkjast, og detta va sport baade vidt og breidt.

Naar Folke paa Sveine rymde Huse um Juleftan, sette døm att upp-reidt Bord ette se me Julkost ’taa di beste, døm aatte. Døm tordes ikje anna, for saales ha Hougafolke vore vande ve aa havt de i lang Ti’ og skulde døm slutta me di, va døm redde, de ikje ha vorte buande paa Garde meir.

Trast Folke va ’taa Garde farne, kom Hougafolke me slikt Smal og Braak, at Jorde skolv. Døm sette inn i Stugo og bar te go-gjera se ’taa Julmate og helde Høgti’ paa sin Vis, heilt te Trettan-Helgje va over; firi den Ti’e nytta de ikje for Folkje paa Sveine, aa fløtja inn i Huse att.

Ein Julefta da døm heldt paa aa fløtja ’taa, kom de ein lang-faaraandes Fatti’-Mann inn paa Sveine og ba um Hus ivi Hugue mea Julnatte va, um ikje lenger. Kjeringje ba Gud be’re se, døm ha ikje Hus i Julom sjølve, døm, sa ho og fortalde, kaarles di Onde-buandes bar se aat der i Garde. „Aa, er de ikje naagaa verre,“ svaaraa Mann, „saa ondrast eg nok paa, um ikje eg og denne graae Bikkja mi ska gjera Huse ry’juge for di Otolden[1].“ Men alle skreik ende upp-ivi se og sa, at de sto ikje te for ei Kriste-Sæl aa vera i Stugun paa Sveine Julnatte hell nogor annor Natt, hell, saalengje Jule vaaraa. Men denna Mann gat um, at han ha vore ute ei Houstnatt førr og fekk han berre Lov te vera og kunde faa laane ei lang Snor og ein raa’ Nouthu’-Halving, saa vilde han sjøl ’taa paa se Natt-Stoe.

  1. Otold: Okrut, Plaage.