Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/409

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 397 –

Sell. Fendriken ha tvæ Døtt’ te, den eine va ho Janniken Olsta (S. 329) og den hi va gjift me ein Lutnan Isak Besche. Han Frik og Kjeringje ga fraa se Garden i 1717 aat ’om Hans Friksson; Garden vart da sett i 700 Rd. og heile Bue va paa 1345 Rd., paa Lag 16 000 Krono no. Hans va gjift me henne Anne Semonsdotter Tofte fraa Dovre, Sone-Dotter aat Kaftine paa Toulsta. Imillom 1722 og 28 ha han Hans ei langvurug Sak me Fron um Øyangen. Skrivaren i Sør-Dale og Lagmann dømde paa Aasta’e Øyangen aa høyre te Fron, men Oberhofretten gjorde Dommann deres te-inkjes og sia’ ha Øyangen liggji o-anka te Bræe som full Eigedom.

Paa Skjifte ette ’om Hans og henne Anne i 1751 vise de se, at de er vorte Umbrøyte paa Ti’n og at faaraandes Folk ikje lenger nøgde se me di gamle Stelle. No ha de vorte mykjy Sylvty, Krusty og Leirty i Huse, 1 gomolt Urverk me Kasse, 10 „overtrukne“ Stole og Sengje me Umheng forr, men enno fannst de ikje Kakelomn paa Garde. Paa Skjifte vart Bræe no sett i 1200 Rd.

Han Frik Hansson som tok Garden i 1751 dø 1784; Son, han Hans Friksson, va gjift me Dotter aat ein Lutnan Bay fraa Forr paa Fron. Denne Lutnan Bay som enno har Ækte ette se paa Forr og paa mange andre Stor-Garde i Dale, kjøpte Forr i 1743; han va Son aat ein Offeser som fall i Kri’e mot Svenskom, han ha ein Gard ve den svenske Grensa, heitte Magnor, og den vart uppbrennt og øy’lagd ’taa Fiendom. Knut Bay paa Forr vart gjift me ei fraa Vaalen i Gousdal, ’taa di gamle og vidt utbreidde Vaalen-Ækten. Døm fekk 6 Bon og eitt ’taa døm va ho Pernille Bræe; ein Bror henne va Lytnan men tok Live ’taa se paa Ner-Bjønnsta paa Lalm, han va der i Gjest hjaa Kaftin Grønner. De skulde vera ’taa Kjærleheits-Sorg han korta se; døm høyrde han gjekk ut-i Garde paa Bjønnsta og song eit Salme-Vers – trast ette small de eit Skot paa søre Høgstugun og Grønner sprang sta skulde sjaa, kaa som va paa-ferd. Me di saamaa han glytta paa Døri ropte han: „Aa, fy Fa’n, han har skudt sig!“ Han Hans Bræe vart ikje gomol og ette han fall av sette Enkja, ho Pernille, upp fleire ’taa di store, gjilde Husom paa Garde.