Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/408

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 396 –


Han Jakup Friksson ha visst fraa Fysten brukt den Parten ’taa Bræe, som no kallast Ekkra og i gomol Ti’ heitte Bispe-Ekkra, ’taa di ho i di katolske Ti’n laag onde Bispestole paa Storhaamaar. Men han Jakup ha faatt Bygsle ivi heile Garden trast ette 1648 me di han Olaf ikje er nemnt seinar. Han Jakup Friksson dø 1665; i Skjifte ette ’om syne de se ikje, at de er kosta naagaa serle Innbu for Gjæste og faaraandes Folk, allt er som paa ein a’an medels Gard, enno finnst de ikje ein Kakelomn hell ein Stol paa Garde og ikje eit Skaap hell de Slag ’taa Leir-Ty. De einaste som peika paa, at de va Skjuss-Skjifte paa Garde va de, at de va saa mykjy ’taa Bryggje-Koppe og Øltynno.

Son heitte Hans Jakupsson og ha Bræe te han dø paa Lag 1690. Han va gjift me henne Ymbjør Olsdotter Øver-Dale, Dotter-Dotter hans Galn-Anders paa Bjønnsta, saales saa va ho ’taa List-Ækten paa Kleppe. Mea’ han Hans brukte, skjifta Bræe Lannherrom fleire Gongo. Den rike Kristians-Gouvin, han Nils Toller[1] ha antell kjøpt hell tikji Garden i Pant ’taa Kronun, saa kjøpte Kaftin Ole Bruun paa Ner-Gy Garden ’taa honom og han selde Bræe att aat ’om Hans Jakupsson i 1684 for 300 Riksdale. Me di vart han Hans Eigar ’taa Frigarde og sia’ ha Ækte helde se paa Sta’e. Han Hans Jakupsson va visst ein go-te se og framkjømd Mann, i 1637 bygsla han Fiskevatne Øyangen i Fronsfjelle ’taa Foute i Gullbransdale, Jakob Eggertssøn (Stokfleth) og sia’ fekk han Bygsle go-kjennd ’taa Statholdarom, Kristofer Urne og Gjyll-Løvun, han skulde no elles vera væl te-vens me Gjyll-Løvun og Frøningann saag vindt paa den Venskapen deres for Øyangje Skuld. Skjifte ette ’om Hans syne hell-ikje, at de ha vore kosta paa naagaa o’framt for di Reisandes.

Ette ’om Hans fekk eldste Son hans, han Frik Hansson Garden. Kjeringje hans heitte Kari Justsdotter og lyt vera Dotter aat ein „Fendrik“ Just Mogensøn som aatte Olsta paa

  1. Nils Nilssøn Toller, Assessor i Oberhoffretten o. M, ein grunnrik Mann som aatte mange gjilde Garde her i Bygden og i hine Bygdom i Dale.