Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/39

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 27 –


„Tvi! Surtningen er eit Skarve-Vat’n. Naagaa Djevels-Magt ha de helde se der, all sin Dag, og eg har vore ute for dessa tvo Gongo; den fyste Gongen va han Svein Bror me meg, oss laag der i nogre Neet og sopte inn Mør-Kjøe[1]. De er mange og tredeve Aar sia no, for eg veit de va saamaa Saamaar’n som eldste Dotter mi kom te, ho, som er gjift me ’om Lars Skarde, og miss-minnist eg ikje reint, saa va ho sjougogtredeve Jønsuku-Viko. Ja, eg og han Svein drog alle Varpe som paa Vatne va, Natt ette Natt. Siste Natte vart oss forlikte um, oss skulde draagaa berre di tri Varpe i søre Enda paa Vattne og oss ha nettup lennda Note siste Varpe, da oss fekk høyre de vart sett ut ein Baat sø-i Ose. De va Tjukk-Ver og saapass skomt, at de va ikje godt-um aa sjaa naagaa sø-i Lannfelle[2], men oss høyrde saa skjilligt Baaten karra[3] paa Steinom da han vart ytt ut, høyrde Aartakje og kaar de riksa i Kjeipom. „Jou, no ska du sjaa Sonn-Karann kjøm ou, saa bli de enno fleir te aa sope her,“ sa eg. Men da oss ha høyrt ni-hell-tie Aartak, vart de heilande stillt. Oss vart anna’s ve baae tvo og skonda oss aa fjaska Note uppi Baaten og rodde sø-i Osen. Og der sto Sonn-Baaten saa turr som Knosk og langt inn-paa Lannde og nugun a’an Baat hell hann, og den oss brukte, fannst de ikje paa Vatne. Kaa detta va, de veit ikje eg, men at de va naagaa meir, hell som vera skulde, de er eg viss paa.“

„Sia ein Gong saag eg ou eit onderleg Tekken ve Surtningen, hjolp ikje[4] de va berre ein My’lapp[5]. De va um Housten, de, eit Tri-Viku ette Larsuk. Eg fekk me meg ein Gut-Pjask ein Kvell og tok Ljost og Laag-Gryte skulde uppi Surtningsosen og ljoste, for de regna og bles og va Fiskever taa beste Slag. De va mykjy Fisk ut-paa Ose og oss heldt paa te Gut-Labben vart saa frosin, at han vilde stølne[6] for meg saa eg lout gjera upp Varme att-for ein stor Stein. Mea oss sto ve Varmin og skulde faa Øl’n i oss att, kom de krekande ein stor My’lapp og vilde kav krupe inni Varmin; eg tykte detta va olikt og saa tok eg han paa Skraanebben og skvetta han langt ut-paa Vatne,

  1. Mør-Kjøe: Snei-Ord um den smaae Fisken som staar paa Mør-Bott’n; Kjøe er Smaafisk.
  2. Lannfell: Lann-Kant, Vass-Bredd.
  3. karra: skura.
  4. hjolp ikje: enda de, um de no.
  5. My’lapp: Padde.
  6. stølne: stivne taa Kalde.