Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/38

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 26 –


Døre, kvassast du kann, for du kan vera viss paa, at Mann min skjyt ette deg me Solve[1] me saamaa du kjøm over Dørstokken. De er ikje ’taa Illo[2], han gjere de, men han kan ikje brote Arte, ser du.“ Og saa kunde ho fortelja, at ho ha’ de framifraa godt i alle Maate og at Mann henna va baade go-lynnt og snill, rae og stødt.

Da Kleppe-Kjeringje gjekk att, gjorde ho som Bar’seng-Kjeringje ba ho – me di saamaa ho tro ’taa Dørstokkje, skout ho se te-sies bakum Døre. Og i saamaa Stonn kom Solven ette, reint kvit- gloandes saa Gneistann freste. „Raakaa eg deg?“ sporde Mann. „Nei, va-de-se-likt!“ svaaraa Kleppe-Kjeringje. „Aa de va rettele bra!“ sa han. Ute sto Hesten me Sale paa og venta, Kjeringje sette se upp att og saa sto døm i Garde paa Kleppe i saamaa Ri’n. Mann takka saamykjy for Hjolpe og da døm skjøldes fekk Kjeringje ei stor, stout Sylvkanne, breddande full me Heil-Pening[3]. Og um Maargaan ette, da Budeia kom ne-i Fjose, sto de ei framon, vakker brand-siot Ku paa ein Baas, og den Kue sto me grønt Høy i Baase te kaar Maargaa saalengje, ho livde paa Garde.



Kaa Gamel-Nes’in fortalde.

Gamel-Nes’in laag mykjy paa Maarkom og fiska baade Houst og Vaar og naar han ikje va imillom for Tobak og han elles va paa Go-Lone, saa ha han mangt rart aa fortelja um de, som han baade ha høyrt og seett, der han ha fare.

„Ve Surtningen ha eg alder likt meg,“ sa Nes’in, „de er eit godt Lorthol heile Vatne; kjøm du ut-i Møra te-gagns me ei Not, som gaar hardt paa Bott’n, saa kjøm ho inn-att saa tjukk og stinn, at Fisken kvovna i Mørun og du fynge ikje lennda Note, um du sette ei Merr i kaart Tog. Er du ikje likesaa kjend paa kaart Varp som paa Stugugolve dine, saa hengje du Note fast, og da staar du der som Takk-for-sist. Den Fisken du fær, er berre naagaa svart-vomba Selapinn-Sill[4], kvit i Kjøte som Raanæpe, men de sløng nok te, du kan faa mykjy paa Tale ’taa ’om.“

  1. Solv: Lime.
  2. Illo: Vondskap.
  3. Heil-Pening: Sylvdale.
  4. svart-vomba Selapinn-Sill: svart i Bukje og smaa som Sela-Pinne.