Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/371

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 359 –

Haagensøn, „Borger og Indvaaner i Kjøbenhavn“, selde døm att umkring 1639. Nigard-Kvarber vart kjøpt ’taa ein heitte Jakup Larsson; kaa Ækt han va ’taa er ikje funne naagaa um, men baade han og Far’n ha havt Garden i Bygsel. Han Jakup lout ti’le i Leikje vera ein vælheldin Mann, for i 1628 „forstrakte han kgl. Majst. med 150 Lod Sølv til den tyske Krig“ (minst 1800 Krono ette Pening-Verdaagaa no). For dette Sylve fekk han Pant i 212 Hu’ Krongods i Raasta og imot aa faa Visse paa Bygs’le i Raasta for se og Bonom sine, let han Kongen faa Sylve. Han va gjift me henne Jaartru Ivasdotter Sambu. Son hans, han Lars Jakupsson, ha nok i si Ti’ vore ein ’taa di fremste i Bygden og va einn, som Bønndann ha firi se naar de va naagaa de galdt um. Da Einevalls-Kongen Fr. III skulde hyllast i 1661, va de te-sett aa møte 2 Bønn’ fraa kaart Gjeld og fraa Vaagaa møtte han Lars Kvarber og han Jehans Blessom. Ve dette Hyllings-Mote fekk den namn-kunnoge Frons-Presten, Magister Iver Pedersøn („Petrus Adolfus“) di meste ’taa Hyllingsmennom fraa Gullbransdale te aa skrive Klage baade paa den førre Fouten, Jørgen Filipson, den nye, Jens Madsen, og baae Skrivarann i Dale. Ette desse Klagom vart de eit fælt Styr, og da Klagunn skulde granskast paa Bygda-Tingom um Housten, sette Dølin upp Uggen, saa Ting-Mote paa fleire Stelle lout flutte i Hu og Hast, førr Sakje va ferdog. Baade Kvarber’n og Blessom’n va nok tvo Stribystinge og de va full Aarsakje te, at døm vart valde te Hyllings-Menn og at slike, som han Tostin Kleppe, han Ola Ivason Sambu hell Toulsta-Kaftin vart skote for Glugg[1]. Toulsta’n skulde elles vera godt te-vens baade me Magistere og ’om Jørgen Filipsøn; Kleppen va Le’smann og vilde full nou’le gjera se te o-vens, korkje me Skrivar hell Fout, og Sambu’n ha kanhende hell-ikje stor Hog te, aa bite se ut me døm.

Kjeringje hans Lars va kome fraa Uppigard Kvarber, me henna ha han tri Bon, ein Son og tvæ Døtt’. Son fall av i Ongdomme og eldste Dottere, heitte Rønnog, fekk Garden i 1696. Ho va gjift me ’om Iva Jehansson Sambu, „Uppigar-Nord“,

  1. skote for Glugg: forrsmaadde, forr-kasta.