min venlige Begjæring at I vil skikke mig 1 Ort indtil at vi faar Øvrighedens Beskeng[1] om hvad vi skal have.“
Eldste Son, han Ola Ivason, bygsla Gard’n ette Fare umkring 1700. Ein ’taa Brørom hans va framifraa vælhendt og mea’ han gjætte heime paa Garde, skar han ut ei Apostel-Kanne som de enno ska finna att naagaa ’taa. Seinar kom han aat Kongsberg ei ’Ti’, og mea’ han va der, grov han eit Staal-Signet, som enno va te i 1870. Han Ola Ivason kjøpte i si Ti’ Lonnde te Odel og da han heldt Skjifte i 1737, va han Eigar ’taa 10 Hu’e Jord, 10 Heste og 50 Nout og sat me stort Innbu ’taa alle Slag. Aat Lik-Ferd’n sine tok han ut berre 12 Riksdale da Skjifte va halde.
Sonen, han Iva Olsson, og Son hans att, han Ola Ivason, va baae driftoge Menn og baae skulde vera godt boklærde ette Ti’om, som da va. Den siste va gjift me henne Guri Kleppe, Dotter hans Knut Kleppe. Me 3 Le’e fraa honom, som ber di saamaa Namne ette ein-a’an, naar oss Stortingsmanne ’om Iva Olsson Lonnde – Iver Lunde – som dø i 1904. Ette Gjiftarmaal i di siste Le’om va han i Ækt baade me Gjæslingom, Brattom, Kleppe-Ækten og Toulsta-Æken. Lonnde-Ækte ha vore ei helsog Ækt som enno er i go Magt, men ho er mindre utgreina, hell summe ’taa di andre Stor-Æktom.
Paa desse tvo Gardom ha de vore saa mykjy Ihop-Gjifting, baade Gardom imillom og me Valbjør og Sambus-Gardom, at de er mest Oraa aa rekkje Ækt-Føl’jun. Hell-ikje kjem ein langt att-ende, knapt lenger upp hell te 1570; Gardann ha lengje høyrt te Eigom aat ’om Eirik Rosenkrans og kom seinar i Henn paa ei Fruge, Pernille Gyldenstjerne. Ho lout pantsetja Gardann aat ein Kjøpmann i Kjøpenhamn for Skuld og Son hans, Hans
- ↑ Me „Øvrighedens Beskeng“ (Beskeng, eit Norda’fjells Ord) maa vera meint Skatte-Breve som sette fast Lann-Skjylde for Krongodse og den lout alle andre Jord-Eigare føl’je.