Hann-Rokkje; ein Houst, ho fløtte ne-att, ha ho spunne Varp og Vefft te 7 nye Ryo.
Ho skulde elles vera um se i hardaste Lage, ho Anne, saa ho fekk ikje nettup naagaa godt Ord paa se ’taa Bygdafolkje. Ho ha etla se te aa samle Rikdom paa Toulsta førr ho la Styre ne, og de naadde ho, ou. Folk kalla ho mykjy „Heggjerote“ og de va ikje ’taa Go’o, men de høvde ikje ille, for de va me henna Medel’n og Rikdommen røta se paa Garde.
Ette Kri’e me ’om Karl Gustav i 1658 som Folke her sø’paa Lannde kalla Krabbe-Kri’n ette Statholdare, ’om Iver Krabbe, lout Kongen gjera Fre’ i Roskilde. De va ein hard Fre’ som skjerda[1] illt, forutta de Dannemark misste, gjekk baade Baahus-Len og Trondems-Len me ’taa Norig. Svenskann sette se fast i Trondem og tok Styre ivi Lene, la paa tonge Skatte og foor hardt fram, saa døm me di saamaa fekk alle Mann imot se. Saamaa Aare brout han Karl Gustav Fre’en og Kri’n losna att imillom Lanndom. Her i Lannde senda han Jørgen Bjelke ei Hermagt upp-over aat Trondem; ho sto onde ’om Major Reichwein. Han bytte Magte si i tvo, me eine Hope foor han sjøl upp-ette Østerdale, me di andre skulde ein Major Paal Michelet faaraa um Gullbransdal’n. Da Michelet kom uppi Gullbransdal’n, ha de samla se væl-saa 500 Døle friviljugt som vilde gjeva se me aa taakaa att Trondem fraa Svenskom. De va Fouten i Dale, han Jørgen Filipsson og den lærde og namnsporde Frons-Presten, Magister Petrus Adolfus, som baae ha maanaa Dølinn te aa samle se. Um detta sto Fouten og Magister’n paa eitt, elles va de som millom Honn og Katt me di tvo. Dølinn va bytte i tvo Kompeni me kaar sin „Bondekaptein“, Sø-Dølinn sto onde ’om Kristen Nilsson Bø fraa Gousdal og Nord-Dølinn onde ’om Hans Paalsson Toulsta. Naar dessa tvo vart tikne te „Kaftine“ saa er de Von te, at døm baae ha vore me ute førr, i Hannibals Kri’e, og kanhende ha tent for Sjersante, saa døm ha naagaa Skjøn paa aa føre ei Folkemagt mot Fiendom, og der-te skulde døm baae vera tvo store, sterke og røsslege Kare. Kaarmange
- ↑ skjerda (skjæla m. tjukk l) og skarda (skala m. tj. l): gjorde Skard i, øydde.