– 325 –
Peningsak i Heidale „som Fuldmegtig paa den Sorenskriver Kristian Hansens Vegne“. Mann maa ette di ha vore kjennd for, aa vore go’-forr se. Han livde enno i 1660 og maa vera dø eitt ’taa neraste Aarom ette; ’taa Bonom hans er kjennde berre tvo, ein Son, Hans, og ei Dotter, Marit, og denne Son va Bonn’kaftin, han Hans Paalsson Toulsta, som ha vore mykjy umtaalaa.
Han maa vera fødd umkring 1605; da han va i Førretjugeaars-Aldere gjifta han se me henne Anne Heggje fraa Gousdal, Dotter hans Semon Heggje, ein Mann som ei Ti’ va ein ’taa di største Jord-Eigarom ’taa Bøndom i Gullbransdale. Den Gongen han foor aat Heggje for aa fri, va han i Følgje me ein ong Gut fraa Kvam paa Fron, han Eistin Forbrigd; han ha saamaa Ærende og fekk ou ei ’taa Døttom paa Heggje. Da han Hans kom te-gards sto han Semon i Smiun, og der maalbar han Ærende si. Heggjin leet ikje obytt[1], men sa ve han, at de va best han taalaa ve Jenta sjøl um de, for ho fekk raa’ se sjøl me di, for honom. Og ho Anne ha ikje naagaa imot di, og ette di vart de Gjiftarmaal me døm; me henna fekk han Hans ei gjill Heimafylgd og sjøl va ho ei utu Maata dugele og drivandes Kjering. Ho kom full paa Garden i 1648 og da ho kom der, skulde de vera berre o-faatt og vandstellt baade ute og inne, men ho fekk annor Gjerd paa di, da ho kom væl i Stell og ha vore der i nogre Aar. I 1651, siste Aare han Hannibal Sehested va „Landherre“ paa Toulsta, fekk han Hans Bygselbrev paa Garden paa si Ti’ og no gjekk de ikje mange Aar, før de vart Vælstann paa Toulsta og Medel’n voks ette Hann. Og ette som de ha vore sagt, va de nok Kjeringje aa skulde, at de gjekk fort fram-te; men saa va de ei Megge, som ikje livde se, hell. I fyste Aarom ho va paa Toulsta, va ho Budeie sjøl og laag paa Tjorsæter’n inn-paa Toulsta-Aase me Krytyrom um Somrann. Vegen fraa Toulsta og inn-paa Sætre er full ei halv Mil, men i Slaatt-Onn gjekk ho Anne ne aat Toulsta me Grout-Klining[2] te Maargaa-Verds, ette ho ha mjolka, løyst Kue og stellt fraa se. Og mea’ ho gjekk att og fram imillom Toulsta og Sæter’n, spann ho paa