te Slutt i Henn paa ’om Gabriel Marcelius som va „Generalpostmæster“ her i Lannde.
Saales som de er nemnt onde Bjønnsta-Ækten, ska de ha butt ein Fout som heitte Paal Kristensson paa Toulsta millom 1590 og 1600 og va gjift me henne Aagot Andersdotter Bjønnsta. Fouten og ho Aagot ha havt ein Laat ’taa Garde i Bygsel, men i saamaa Ti’n ha de butt ein Bygselmann te der, som heitte Knut og denne Mann ha umkring 1602 vorte uppatt-gjift me henne Aagot. Han Knut ha nok ou vore gjift ein Gong førr, for i 1618 har han ein vaksin Son, heite Gullbran Knutsson, som fekk bygsla 3 Hu’e ’taa Garde. Me henne Aagot Andersdotter ha han Knut berre eit Baan, ei Dotter, og denne Dottere vart paa Lag 1628 gjift me ein heitte Paal Hansson. Han Knut Toulsta livde enno i 1655; han maa ha vore ein go-te-se Mann, for han va Le’smann i 1614. I 1630 gav han upp 5 Hu’e i Toulsta te Bygsel for Versone sine, han Paal Hansson.
Fig. 40. Segle hans Paal Hansson, 1655.
Denne Mann er den fyste som te no er kjennt taa di Toulsta-Ækten, som enno sit paa Garde, men kaar han er utstokkjen fraa, ha de synt se aa vera Oraa’ aa faa Visse for. Lenger ne i Ti’n kalla denne Ækte se me Te-Namne Leth og dette peika paa, at de skulde vera ei Skjylde me Foute, ’om Paal Kristensson, um no hann er den saamaa, som er kalla Paal Leth. Men kaarles dette heng ihop ser ut te aa vera o-løysle. Han Paal Hansson va, som oss saag, gjift me Dotter hans Knut Toulsta og henne Aagot Andersdotter; Kjeringje hans va saales ’taa Listom paa Kleppe og fraa di tvoug røta de se ei stor Ækt som seinar ha blanda Blo’ me Gjæslingom og Brattom og ha greina se vidt og breidt aat Stor-Gardom i Norddale og enno lenger.
Han Paal Hansson ha etter 1632 faatt Bygselbrev paa heile Garden, for de Aare svaaraa han Triaars-Avgjift[1] ’taa 7 Hu’e Lannskjyll. Saa vidt ein kan finne, va ikje han Paal Hansson Le’smann i Bygden nugun Gong, men 1651 har han mott i ei
- ↑ Triaars-Avgjift „Tredieaars-Tage“ va ei Utrei’sle Bygselmann svaaraa for kaart Aarmaal (3 Aar).