Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/327

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 315 –

aat Bjølsta og at han gjekk inn-paa Kongens Aalmenning. Han Anders Jonsson paa Kleppe bar fram desse Ankunn for Bøndom og 3 Lagretts-Menn vart te-sette, aa mæle upp kaar langt Heimrastinn aat Bjølsta skulde røkkje. Bytes-Merkje millom Aalmenningje og Bjølsta-Eigom vart sette ve Sinder-Høl’n[1] i Melun der, som Skjifte gaar den Dag idag. Han Anders Jonsson sa enda di Orde ve han Eirik, da Mar’stein va ne-sett, at no va Heimrastinn hans avmerkte og disom nugun la se inn-paa døm, hell fiska i hans Fiskevat’n – Bjølsta-Vatne – saa tyktes de honom jemngodt ve, aa brjote se inn i Stabure hans. Ikje lengje ette maa naagaa ’taa Nørdre Bjølsta vorte att-løyst me Odel ’taa Ervingom hans Baard Trondson, „Bonde paa Sjaak“ – sjaa Valbjørs-Ækte –. Han Eirik Bjønnson er dø firi 1441.

Den neste Eigar’n ’taa Bjølsta heite Endre Eirikson og de skulde liggje nerast for Hann aa tru, at han er Son hans Eirik Bjønnson, enda de ikje er funne naagaa som kan sanne de heilt. Denne Mann kjøpte i 1441 2 Kuleigo Jord i Bleka og i 1449 6 Kuleigo i Nørdre Bjølsta; i 1456 kjøpte han 2 Kuleigo att i Bleka og me desse Jordkjøpom er visst Bjølsta kome te-samen att me di Vidden, som Hugu-Bøle har den Dag idag. At han Endre Eirikson va ’taa Brattom maa vera visst, og er han Son hans Eirik Bjønnson, saa va han Eirik den fyste ’taa Bratt-Ækten paa Garde. Er han Endre ikje Son hans, saa bli hann den fyste; ette desse skulde Brattann vera kome paa Garden imillom 1430 og 1449.

Nest ette ’om Endre Eiriksson kjøm han Gottorm Endreson, han skriv se i 1518 for „Guttorm Endridson Brat“; baade han og Sonen, Eistin Gottormson, har de Aare vore me te Vitne paa eit Bror-Skjifte millom ’om Jo og ’om Anders Kleppe. Segle aat baae tvo er vis’lege, men ikje naagaa ’taa døm er Vaaben-Segl. Han Gottorm Bratt va gjift me ei heitte Sissil (Cecilia) Persdotter, men kaa Folke-Ferd[2] ho va ’taa, er de ikje funne naagaa um. I Aare 1500 gjere han Gottorm og ho Sissil „eigin Kona

  1. Sinder-Høl’n heite de saamaa enno; han er i di Aa’n som kallast Mela og Namne ha han visst faatt ’taa di de ha vore Jønn-Blestre der saa Sindre („Slagge“) syne den Dag idag.
  2. Folke-Ferd: Slag, Ækt.