Islann og ein Gong i Norig. Men di Gamle i Bygden har fortalt, at Namne ha eit anna Utsprang. Vag-Verinn ha Sætrinn sine uppi Heidale, langt att-i Gamel-Ti’om, og naar Bølingann va nord-paa Skogje um Daagaane, gjekk Budeiunn nord-paa ei Slett, der Bjølsta no staar, og lydde ette Kubjøllom fine. Difor tok døm te aa kalle denne Slette „Bjøll-Sta’n“, og ’taa di ska Namne kaamaa se.
Fig. 37. Eistin Bratt 1530; Vaapn-Merkje. |
Fig. 38. Tord Bratt 1549; Vaapn-Merkje. |
Bjølsta va firi 1429 tri Garde, Blekan – Blikar – og Nørdre og Søre Bjølsta. Ette som de ha vore sagt fraa gomolt, skulde de Eingong, langt att-ende, kaamaa ein Adels-Mann fraa Bern, som heitte Eirik Bratt, hit i Bygde og han vart gjift me ei Gardjente paa ein ’taa Bjølsta-Gardom. Sia’ ha saamaa Ækte sute paa Garde og Mennann ha ette ’om Eirik heitt Tord Tordsson, saa langt att-ende Orde veit aa melle. Kaa Ti’ Brattann kom paa Gard’n er ikje saa beint aa rekkje og hell-ikje, um de va me Gjiftarmaal hell Kjøp døm kom der. I 1430 aatte han Paal Halvordson, Son hans Halvord Alvson paa Sambu, baade Søre og Nørdre Bjølsta og Ru’i, de Aare selde han desse Gardann aat ein Mann som heitte Eirik Bjønnsson. Kjøpe-Breve er skrivi i Vaagaa-Prestgarde, Ullinsøy, og Lagretts-Mennann, som va me ve Handel’n, va han Anders Jonsson paa Kleppe, han Tostin Paalson List og han Ommon Nilsson paa Toulsta. Blekan er ikje nemnd og er full hell ikje me i Kjøpe. Kunde no ein berre veta, kaar han Eirik Bjønnsson va ækta fraa, saa vilde de vera eitt Stykkjy paa Vegen, men de er saa lite aa finne um den Mann. Han er nemnt for Lagretts-Mann i Bygden nogre Gongo og me di maa han ha vore hulde for ein bra Mann; fraa Aare 1426 er de eit Brev som fortel, at han ha havt Toulsta og Kvennberge i Leige i minst 3 Aar ’taa ’om Holta Jonsson. Tvo Aar ette han kjøpte Bjølsta, vart de klaagaa ve Kongens Ombu’s-Mann, som da va han Paal Halvordson, at han Eirik Bjønnsson tok se forr-store Heimraste[1]
- ↑ Heimraste: Heim-Hamn, Utmark.