og kvell uppi Prestberge. Di tvoug derinne dreiv kaar me sine og ha ikje naagaa slikt i Ventom, Jutul’n sjøl sat og maksla paa eit Skaak-Emne og Kjeringje ha nettup tikji ei dugele Smørknoe utu Kjinnun, lagt ho i Smørtrouge og skulde te elte. Me di ’saamaa fekk døm Klukk-Ljomin i Øyro og da kan de hende, de barst upp me døm! Kjeringje vart saa tvingande sinnt, at ho senda Smørknoa si ne-over mot Kjørkjun saa de berre kvein og Jutul’n kjørde ette Skaak-Emne saamaa Vegen. Men ikje nugun ’taa døm raakaa, Smørknoa rokk ikje heilt fram og Skaak-Emne gjekk baade forhøgt og forlangt; Smørknoa staar like innve Kjørkjebaalken den Dag idag og Skaak-Emne ligg langt sø-paa Vollom. Men gjillt Vyrkje er de i døm baae, saa ha døm raakaa, som meint va, ha de nok vorte Ende paa Klukk-Læte, den Gongen. Elles ha ingen oftare merkt naagaa te, at Prestberg-Jutul’n og Kjeringje hans ha liggji ette Gudshuse paa Ha’land, og hell-ikje fløtte døm, for mange Hondrede Aar bakette Eingong skjussa Prestberg-Jutul’n heim att han Jehans Blessom fraa Kjøpenhamn. Men de va ou siste Gongen han viste se.
Blessomen va i Kjøpenhamn og løyste ein Dom i ei stor Sak, han ha havt, og no fallt detta saa obeine for ’om, at han ikje kunde sleppe utu Sta’e att førr um Juleftan. Han va ovæl ’taa di, han ikje kunde faa helde Jul heime paa Blessom, men de va ingor Raa’ me di, maa’ta, og saa bar han te aa gjera se reisferdog, tile Juleftas-Maargaan. De fallt se saa, han lout eit Ærend ut i By’n og da han kom ut-paa Gato, fekk han sjaa att-i ein Nord-Døl fram-i Gatun. Nei, sjaa meg den, du, er de ikje fleire Nord-Døle hell eg, ou, som er i By’n saa nere Helgen! tenkte han Jehans. Han onna se ette og da han naadd ’om sporde han kvasst, kaa Landsmann han va. „Aa, eg er nok Vag-Ver eg, ou,“ sa Mann, „og oss er nok Granne ou, eg og du. No tenkje eg du stonda bra heim att, Jehans, og vil du ha Skjuss me meg, saa ska oss ikje vera lengje paa Vegje, for eg vil no heim att te Kvells.“ Jou de va no mykje paa Ferd aa faa baade Skjuss og Følgje radt heim att, sa han Jehans han vart no elles fortusta[1] paa, at han skulde ha ein Granne, han
- ↑ fortusta: forondra.