Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/284

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 272 –

sjøl, for di han ikje ha Raa’ te aa kjøpe. Enno verre va de, at han kasta burt Ti’ me aa brøkja me eit Kvennbruk i Ottun. No va de langt og tongvinnt me Malnae[1] i Ottdale, Vinters-Ti’; de va aa slite se upp den bratte Skaars-Brekka aat Mel-Kvennom. Detta ha han Ellan seett se lei paa og saa fann han paa aa byggje ei Vinter-Mølne, midt inn-onde ville Eidsfosse. Og de vart ou Kvenn-Bruk. De va eit Kvenn-Stø’e saa kallsle og styggt, at ein kunde gruve se for aa liggje me Mell[2] der ei Natt og slikt Arbei’ me Ishogging og Bak-Vatt’n og all Slag Vann-Raa’, at de va eit heilt Æventy fraa di han Ellan sette de upp paa Sein-Houste, te han bar de upp-att paa Ækslom um Vaarann. Og den Gjeit-Vegen ein lout gaa me Mellde Houst og Vaar, han va slik, at de lout eit sterkt Hugu te, som ikje skulde øre. Dette Kvennbruke foor han ampast me i lang Ti’ og Folk kalla de „Fosshole“. Saa tok han og fløtte de nord-um Fossen og arbeidde som ein Slave me aa kaste upp ei lang Vass-Renne i harde Fyrun. Men her vart Falle forr-lite, Bak-Vatne va leitt og sist tok Elve heile Bruke. Saa ga han endele upp me „Fosshole“.

Øver-Li’e, den vetle Garden hans, er baade ein lugum Gard og ein go Gard; men me Gardsdriften hans va de Tuffs te eldste Son voks te. De verste ’taa allt for ’om va elles de, at han drak, og naar di Ri’inn kom paa han, saa heldt han paa baade ei Viku og lenger. Te vanle va han Ellan Li’n ein hell still-ferle, go’vordin og go’beinin Mann, men naar han vart drukkjin, va han lei som inkort Illt, rang og rengjot og saa stygg i Kjeffte, at de va ei Olykke aa bli forr ’om. Han gjorde paa Formon[3] og va lei; kem, som kom for Ougo hans, ha han Snei-Ord og leie Sløngje-Ord aat, og ha han høyrt de minste um ei Menneskje, som han visste han kunde skjemme ho me, saa bar han upp me di. „No sa eg detta, no – høh?“ – „no sa eg visst naagaa, som døm ikje likte, no – hø“ sa han da, kaar Gong han ha gjeve utu se naagaa rettele Illt aat Folk. Paa denne Maatin kunde han gjera stor Synd paa døm, som va lite forr se og ikje kjennde han Ellan. Meir hell einn Gong heldt

  1. Malna: Malning.
  2. Mell: Konn som er kome te-kvenna og ska maalaast.
  3. Formon: Vilje, Hog; paa Formon: gjordest paa.