Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/282

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 270 –


Lell arbeidde han ikje saa langt fraa eitt Hal’t-Hondrede Stugu-Klukko, allt ihop; di meste vart verande i Bygden og mange ’taa døm gaar godt enno, enda summe ’taa døm no ber te aa bli over Trissenstjuge Aar. Klukkun hans va gjæve um døm no ikje i nugun Sta’ rokk Ølsta-Klukkom. De va no elles Ølsta’n, som han ha tikji te Mønster og di Song-Klukkunn hans ga ikje ’om Ellan Fre’, førr han ha freista aa gjort ei Maakan. Ette han ha vorte ein aldrog Mann, sette han paa me ei Ott’daagaas-Slagklukke me Songverk. Gongverke og Slagverke gjorde han saa godt og vælgjort, at de va mykjy ’taa di, men da han skulde te me Songverkje, slo de se baade vindt og skjeivt for ’om paa mange Vis. Ølsta’n leet paa Fela og skjøna se paa Læte og Tone og ette Felun sine kunde han stille den rette Ljo’n[1] i di smaae Metal-Skaalom i Song-Klukkom sine. Men de kunna ikje han Ellan og lell vilde han gaa fram-um Ølsta’n her, tenkte han; i Sta’n for Metal-Skaale og Hamre, vilde han gjera ein Songdaase – de skulde bli anna te Læte, maa’ta. Saa arbeidde han ein heil Vinter me aa gjera Songdaase; Fjørinn og Gongverke va ’om ingen Ting aa gjera, men da han skulde te aa tagge Bommen[2], drog de gale. Han gjorde den eine ette di andre og førr han ga se, ha han gjort mesta’ eit heilt Tjuge – men Læte vart berre vellt og vilde ikje svaaraa[3], da lout han gje se. De leitte ’om dette, at han ha tikji se Vatn ivi Hugue me desse og summe Tie, mea’ han arbeidde me di, heldt de paa og vilde reint forr-vinne han; best han stræva me aa setja Bommen hell stille Fjørinn, kasta han fraa se allt, gjekk sta la se og balla Skjinnfell’n att-ivi Hugue. Da han endele saag, at han maatte gje se, kjøpte han ein Songdaase og sette inn-i Klukka si, men de vart ikje større ve de og ikje vilde de staa me Lag, difor tok han heile Songverke ut att.

Laas-Sme va han Ellan Li’n saa go, at han lyt kallast ein Mestar og de va nok de Arbei’e, han skulde halde ve me. Paa Hengje-Laasom fann han upp ei ny Gjerd paa Kolve, saa de er Oraa’ aa stappe døm upp, og i andre Maate va døm ou saa

  1. Ljo’n, Ljo (utt. no jemnast: Ly’): Klang, Tone.
  2. Bommen: Rull’n, Kavlin, „Cylinderen“.
  3. svaaraa: høve, samsvaaraa, „harmonere“.