og Smaalands-Røyrinn, va ikje te aa vei’e me; no kunde de da bli Raa’ te faa se baade Fugelbørso og Reinsbørso heime i Bygden.
Fraa di Ti’n, de va sagte paa-lag i 1734, vart de Børs-Smi han Per Langrusten dreiv mest me og de Arbei’e han va mest upplagd te. Haglunn hans fekk godt Ord paa se trast og de va te kaar Ti’ tinga saa mange hjaa ’om, at han vannst ikje gjera de halve. Alle som foor me Vei’-ing og ha saapas Raa’, skulde haa se ei „Langrust-Hagle“. Børs-Smie vart difor vissaste Leve-Vegen hans Per; men elles saa lout han ofte burti Gardann og smie, naar de va inkort, de va um aa gjera me. Va de ein Gardmann, som vilde ha gjort se Skruv-Ste’ hell eit rettele vælgjort Laas, antell de va Inn-Laas paa ei Høgstugu-Dør hell eit Skaap-Laas, saa lout de vera Langrustin som gjorde de. Og va ei ’taa Døttom vakse og skulde ha ei stout Slea-Kjiste, saa fannst de no ikje denn i Bygden, som rokk ’om Per te aa gjera Kjist-Smi.
De va eit framifraa Arbei’shugu paa ’om Per Langrusten, eit ’taa desse, som fær ein framifraa Fellna og ei eigje Gjerd paa kaar Ting døm gjere; di meste ’taa Arbei’om hans ha eit oukjennt Lag ve se, mestsom de skulde vera att naagaa ’taa ’om Per sjøl i di. Difor er de ou radt aa sjaa, um ein Ting er „Langrust-Arbei’“ hell ikje. Han ha havt dette gløgge Ouga, som Konstnarann stødt ha faatt, te aa gjeva allt, han gjorde, ein fellin Skapna. Og stødt høve de eine me di andre saa Arbei’e hans heilt upp følgjest aat og ala se maakaaloust godt. Mykjy ’taa di Arbei’om som skulde vera forr-se-gjorde, grov han ut, slike som Innlaas-Nykle, Børs-Laas og Børs-Pipo, og Gravingje hans er naagaa ’taa di vakraste, du vil sjaa. Han brukte mykjy Bla’-Krot, vissa paa Børspipom, og aat honom skulde han leite se ut Mønstre ette Tavlo og Kaapaar-Stykkje, han kom over, eitt og anna Stelle, og i Bøk me Bilæte i. Og rein, skjirin Krot er de me saa vælskapte Bla’, at de er som han va levandes. Men elles brukte han Krill-Kroten, naar han rett vilde sleppe se lous, og paa honom ha han ou ein felle Maksel ette gomol Norddals-Gjerd. Krill-Kroten hans er nouende lik den, som Sæterdøl’n skar, væl-saa ein Manns-Alder seinar i Ti’n. Paa sume ’taa