Han Edvard Storm va ein stø og still-ferle Ongdom, hell lite
forr se, framifraa snill og vitug, saa alle kom te aa halde ’taa ’om,
som lærde aa kjenne te ’om. Slikt va de Minne, han la att ette
se fraa di Aarom, han va paa Vaagaa. Vennann og Leikar-Brør’n
hans ser ut te aa ha vore han Eirik Jørnsson, som sia’ var Skulmestar,
han Ola Galsta, han Eirik Synsteng og han Ellan Bakka.
Men den beste Venn hans ’taa alle, va han Jakup Danielson, han
som seinare vart heitande „Sambus-Klukkar’n“. Og difor lyt de
bli gjete lite meir um han.
Um Vaaren i 1763 hell 64 kom han Jakup Danielson aat Vaagaa-Prestgarde te Gjætar, han skulde gjæte Vaar-Gjætla[1] for de fyste og sia’ uppaa „Prestsæter’n“ um Saamaar’n. Han va den Gongen paa-lag 14 Aar og da han kom paa Gard’n gjekk han i Labbe; Far hans va dø og Enkja sat att i Armo’n me ’om Jakup og tvæ Vetl-Jento yngre, hell han. Bestefar hans Jakup va kome fraa Nigard-Bergje, ei Syster aat Bestefare va Kjering paa Bergje og ein Bror budde paa Aabakka og ein a’an i Øver-Skaar paa Lalm. Elles er de lite aa veta um Ægte hans Jakup meir hell de, at ho visst ha halde se paa Bergje i Nordhera’ i lang Ti’ att-igjønom. Ette Gjætla i Prestgarde va Ende um Housten, vart han verande paa Garde; han skulde staa me paa Laava um Vinter’n og sia’ gjera de, han va go-te, attaat skulde han gaa aat Preste og bli konformert te Vaars. Ein Dag vart Presten var, at han Jakup ha liggjande Sporsmaals-Bokje si ope i Laav-Gluggje, saa de va snøgt aa snerte se sta’ aa lesa paa Leksa imillom, naar han livde paa lite me Tusten. Detta tykte Presten va eit godt Merkje paa, haa som budde i ’om Jakup, og ette den Dag tok han se meir ’taa ’om. Da han slapp fram, leigde Presten han te Tenest-Kar, og han kom te aa tene i Prestgarde i nogre Aar. I 1766 kom han Edvard heim att fraa Kjøpenhamn og di tvo Jemn-Aldringan vart Go-Vini me Eingong. Trast han Edvard merkte de, at han Jakup va nem og ha stor Hog te aa lære, tok han se forr aa halde likesom Skule aat ’om paa di Fri-Stondom, han Jakup ha fraa Arbei’e. Me di fekk han Jakup lære baade Skriving og Rekning og sia’ a’an Skul’-Kunnskap saa langt, døm
- ↑ Vaar-Gjætla: Gjætingje heime paa Garde te Sæter-Ferd’n.