fekk falt inkort slikt, saag han ikje saa nøgje paa Skjillingen. Han ha eit gomolt, vakkert Londons-Uhr me eit grovt, ført Sylvkjæ’e, de ha han gjeve mange Pening for. Uhre va ou naagaa for se: de viste Datom, Viku-Dag og Maan’-Skjifte og dette Uhre va den gjævaste Eiga hans, nest ette di tvæ Reins-Riflom. Naar verste Tong-Lynne tok han, sat han ofte me di i Haann og saag paa de. Ei Tølje-Bile som ein go Bygda-Sme gjorde aat ’om, tykte han overlag væl um og den brukte han baade te aa klyppe Sukker me og te aa karve Tobak i Pipa me. Ette han va gomol, kjøpte han fem, avraa’e store Feit-Kulo[1] han let ein Fat-Svarvar[2] gjera ferdoge. Dessa Kulunn va fint svarva og va reint maakalouse Koppe, for den største tok minst tri Hal’-Mæle[3]. Da han fekk døm ferdoge gledde han se paa, at ingen i heile Dale ha Maakan ve døm. „Men ho kosta meg fleire Dale ou, denna største,“ sa han, „ikje fordi, eg kjøm alder te aa haa Bruk for døm, men eg va hoga te aa haa døm, lell, for eg veit visst, at de ska ikje finnast Maakan aat døm i heile Bygden. Og alder bli de finnande slike Emne, hell, i Skogom her meir!“ Han trudde alder paa, at han fekk nugun Ting sterk-gjord nokk; i Dørom sine i Brurusten sette han i sterke Jønn-Blindinge[4] millom kaar Fjøl da han snikra døm og de saamaa gjorde han i Laav-Golve. Fekk han gjort naagaa, som han tykte va utu-klena[5], øy’la han de i Sinne. Mang-ein Gong kunde han bli tverrt imot inkort som han fraa Fysten ha tykt væl um. „Eg er slik, eg, maa’ta, at er de ein Ting eg bli imot, saa traatta eg ikje sjaa han for Ougom,“ sa han. „De va Eitt-Aare eg kjøpte ei halv Tyl’t Kaffekoppe hjaa ’om Tord Kremar og eg likte dessa Koppann da eg kjøpte døm. Men da de lei’ paa, vart eg førrnøgd ’taa døm og vart meir og meir imot døm; nei, da va de ein Dag eg kom inn og va tongsinnt, eg greip ei Stikke, sopte døm ne-paa Golve og trakka døm smaae som Gryn!“
- ↑ Feit-Kule: ronde, ihop-runne Ut-Vokste paa Furu-Leggjom saa feite ’taa Tjyru midt igjønom, at døm alder morkna upp.
- ↑ Fat-Svarvar: ein, som svarva (dreia) Tre-Fat.
- ↑ Hal’-Mæle: tok snøgt 14 Liter: Tynna (Konn-Tynna) va 10 Hal’-Mæle.
- ↑ Blinding: Nagle millom Stavom i ein Kopp, Fjølom i Døre o. fl. som ikje syne.
- ↑ utu-klena: veik-gjort.