Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/208

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 196 –

Ein ’taa Skjyll-Folkje hans bou ’om te aa fløtja i Huse aat se, for han tykte, han Jo lout gaa upp ’taa di turre Levemaata. Men de vilde han ikje høyre, „eg livi be’re eg, hell døkk ne-i Bygden!“ svaaraa han.

Kaar grepa han elles tykte han ha de hjaa se, sakna han lell ei Kjering i Huse og Gjiftar-Tankann gjekk ikje utu ’om, førr han va kome ivi de fjorde Tjuge. Men Aalvor me Gjiftingen gjorde han ikje nettup, hell; de va meir hell ei Jente som fall ’om i Hogen og fleire Gongo skulde han Jakup Snele vera Firitals-Mann for ’om, for sjøl vaaga han ikje paa aa maalbera se. Detta Ombue røkta nok han Jakup paa ein laak Vis, for han Jo høyrde alder de vart meire ette di. Han Jakup visste forr-væl, maa’ta, at han Jo va ikje skapt for eit Husliv me Kjering og Bon umkring se. Han Jo bar Alder’n sin godt og kaar gomol han va, vilde han alder vera ve; henda de, naar han va ne-i Bygden, at han kom i Lag me onge Jento, vilde han gjenne gjera Gaamaa me døm, men de enda oftast me, at døm la te-dørs som døm skulde brennt se, Jaalunn. De va me di, som me Matstelle hans, de vanta ’om Hann-Lage. Og Kjering vart de ’om ikje nogor te i Brurusten.

Men um de vanta ’om Kvinnfolk-Hjolp, saa va de ikje difor sabbot og ofjelgt i Huse, for han Jo va ein rein-ferle og skjirin Kar. Vask og Skuring ’taa Golv og Veggje me Sann og Tvugu, likte han ikje nettup, for de tykte han va te aa røyte upp Huse me, men han traatta hell-ikje aa sjaa, at naagaa i Huse vart lortot og svart. Naar han aat Grout te Dugurds hell te Kvells, saa setta han Gryta paa Høv’lbenken og aat utu Grytun; henda de da, at Benken fekk ein Sot-Flekk, tok han ein Høv’l og strouk han ’taa att me. De saamaa gjorde han me di hine Krakkom og Benkjom, naar de trongdest og døm va alle saa føre og i-fulle, at de va ’kje aa ottast for, at døm øyddest upp paa den Visen. Allt han gjorde, lout vera sterk-gjort og troust antell de va te-tres hell te-sme’s og mykjy ’taa Bonae hans va reine Jutul-Verk som va baade tonge og oveglege[1]. Han sto hardt ette aa faa Tak i Ting, som han tykte va framifraa gjilde og trouste og naar han

  1. oveglege, ovegle: tongvinn.