kaa de galdt! – han la te-sprangs i tenjande Loup inn-ivi Flye me Eingong.
Jou, de drygdest ikje lang Stonde førr Gamla kom att og da kann de hende, ho ha Følgje me se, ou. Sele vart fullt me vælpynta og upp-stasa Folk, baade Kare og Kvinnfolk, og no synte Gamla fram den Guten, ho gat paa, da ho va der fyste Gongen. Og de saag ut te, at han va stout, sa’n! de va ein halvgomol Skrullt[1] me ein Naasaa som eit Brotar-Grev[2], ihopkrokjin og olugum all upp. Men Budeia tordes ikje saamykjy som gje ein Knett i se hell røyve paa ein Finger, ho sto der som klomsa. Da detta Folke ha gaatt der og vimsa um eina’an ei Stonn, va de eitt ’taa Kvinnfolkom som bar te aa finne fram Brurstas utu ei Sendingskorg, ho gjekk me paa Arme. Ho la upp paa Brisken baade Krone og Belte og Bring-Smikke, Sølju og Dingsknappe saa de glema og bragla[3] inni di myrke Sele. No skulde Budeia pyntas te Brur i saamaa Stonn og Gjæstboe skulde nok staa nord-i Sonnsteine[4] saamaa Dagen. Ute sto Øykjinn bonde kring alle Veggje me Sylv paa Salom og me Ormehugu-Beks’l og slik Stas, at de glitra lang Veg i Haust-Sol’n. Bru’hesten sto ve Stugudøre me ein Sal saa blank, at de strila[5] lang Lei’. Budeia vart pynta og klædd me di eine Plaggje grummar hell de andre og sist va de berre Ring paa Finger’n, som vanta, saa skulde Brure lyftas uppi Sal’n og Bru’ferde laasaa[6] nor-ivi Bringsfjelle.
Men i di saamaa Gamla sjøl kom me Ringje og vilde træe paa Finger’n aat Budeiun, smell de eit Børsskot ute saa Sele skolv og de ronde atti Stutarhougje. Jou da kann de hende, de vart ein kvass Ende ho fekk baade Brurpyntingje, Bru’færde og heile de grumme Lage, som va i Emnom! Den gamle Kjeringje, Brugomen sjøl og heile Hurven[7], sokk likesom ende ne i ein Blonk og døm fekk ikje saa lang Stonn for se, at døm fekk me seg korkje Brurstasen hell Øykjinn sine.