Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/18

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 6 –


Budeia paa Sta’esæter’n skulde vera saa framifraa baade te-treiv[1] og vælhendt, ho ha vove ein Vev um Saamaar’n og tenkte, ho skulde vorte ferdog me di andre ou, men da kom de ei Verkule saa døm lout taakaa Bølingen heim. Sjøl vilde ho vera att tvo hell tri Daagaa og gjera fraa se Veven sin.

Ein kann veta, de va stusle aa sitja att einsle i di myrke Sæterstugun no, de va øy’e i alle hine Sætrom og Houst-Vinn kvein i Sprongom og toutte[2] uppi Ljora. Ho ha att Buhonn hjaa se for aa ha eit levandes Liv aa tye se ve, og saa kjila ho paa me Veve sine, seint og tile, for aa bli ferdog.

Best ho sat saales ein Dag, kom de ei gomol[3] Kjering inn i Sele aat ’n og denna Menneskja ha Jenta alder seett for Ougom førr og ho tok trast ein lei Tankje. Kjeringje va saa utu Maata tulug[4], at Kjeften sto ikje atte paa ’n og slikt Lag ha ho me Snakkje, at de va mykjy ’taa di. Men Budeia vart vissar og vissar paa, at Gamla va ikje ’taa Kriste-Folk og difor tordes ho ikje svaaraa eit einaste Ord paa Snakke henna. Gamla ho likesom ikje endsa di men heldt ve, som ho begjynda; sist sporde ho Budeia te, um ho ikje ha Hog te aa gjifte se naar ho kunde faa ein baade stout og vitug Kar, som attpaa va go for[5] vonoms meir. „Du, som er ein saa vakker Blomme og som kann ditt Arbei baade inne og ute, er nok ikje uppraadd for aa finne deg ein Maakaa, du kann faa Hogna ’taa,“ sa ho. Og saa ordast[6] ho ut um, at ho visste ein retteleg baade bra og gjill Gut, som vilde høve henne saa væl paa alle Gjerde „og tæk du hann, saa ska de alder komaa te aa vante døkk korkje Etand’ hell Slitand’ saalengje døkk livi te-samen,“ sa Gamla te Slutt og me di tok ho te-dørs. Men Budeia ottast for, at de va ikje Sluttna me dessa, ho vart reint utu Verd’n[7] og visste ikje, kaa ho no skulde gjera ve se. Da kom de forr ’n, at Buhonn kanskje kunde bli ’n te Hjolp – ho glotta paa Døre og ba han springe heim ette Folk og mena døkk ikje, at Honn skjøna

  1. Te-treiv: drivtog, flittog.
  2. Toutte, av aa tjote: larme, gaule, skjenne.
  3. Gomol, utt.: gaamøyl og gaameil.
  4. Tulug: taalaandes, som har mykjy aa taalaa.
  5. Go for: va eigande for.
  6. Ordast ut: gat paa, slo paa.
  7. Utu Verd’n: vonlous, reint utu alle Vone.