ikje han Jo Svare større Hog paa og skulda paa, at han kunna ikje rart aa taakaas ivi Ryggen. Men de enda no saa, lell, at han og Gjeffsin knepte ihop. De va ikje lang Heto førr Gjeffsin rouk og han Jo Svare kom enda te, aa leggje han hardare aat, hell han ha vilja, for han vart liggjande over Klevadør-Stokken me Smal-Ryggje. Gjeffsin laag still ei lang Stonn, dime trevla han se me Haann ivi Smalryggen og reiste se upp att: „F. hakke meg, gjorde de ikje illt te-gagns ou, detta!“ sa han. No skulde han spenne ihop ve den andre og mea’ gjekk den treja ne-i Kjellar’n ette ei Trøys me Øl. Men han rouk enno verre, hell Gjeffsin, ou, og vart liggjande tverrt over Kjellar-Gape saa han heldt paa skulde faaraa ne-i Kjellar’n att-paa. Den treja vilde ikje eingong bjoe te da han saag, kaarles de gjekk me hine.
Di Aare, han Jo budde i Romsdale, va han stødt paa Romsdals-Markna’e te kaar Houst og den Ti’e va de grovt te Leik me Ovenskap og Slaasting paa Dansar-Salom, der. Mang-ein Gong gjekk de baade paa Liv og Helse og de va visst Mark, at kom de ein før og ruvele Kar paa Sal’n, saa va han viss paa aa bli forr. Va de ikje anna, saa sette døm paa og danse han ’taa Golve, de va slik ein Mote der, de Bele. Ein Houst han Jo kom paa Markna’n, va de tvo Brør fraa Dovre som spela reint Mester paa Dansar-sale, døm ha gjort Skam paa den eine etter di andre ’taa gjilde Kare, me aa dansa døm ’taa Golve. Han Jo gjekk inn paa Sal’n ein Kvell og saag paa Leiken og da ha Døvrann[1] dansa Golve snoutt aa kalle, de va att nogre Par som gjorde Streit-Leggje, de døm evla, for aa halde se paa Dansar-Golve. Jou, da gjekk han Jo ut og hemta fulle di store Lummunn paa Graaveste sine me Neva-Fylling[2] og kom inn-att og tok me se ei Jente og bar te aa danse Spring-Leik. Og no vart de Dans! For han Stor-Jo va Gut, som kom fort umkring Golve og den, som skulde kaamaa onda ’om, fekk vera kring-føtt vilde han berge Hælann sine. Dansen gjekk saa heile Huse ristast og naar han Jo sette Foten i Golve, imillom, ette Fot-Slagje[3], ga de ein Ruff saa de skrangla baade i