Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/177

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 165 –

vart han som eit anna Menneskje me ein Gong. Da vart han tulug, Minne livna upp att like friske og heile Mann kvekna te. Og naar han bar te aa fortelja um di Hendingunn han sjøl ha vore fram-i baade i 1814 og mea’ han sto Gardison, rakna han i Ryggje og vart høgre i Stole, han sat paa, du fekk sjaa att ein Skjimt ’taa ’om fraa onge Daagaa, da han sto for Kulo og Krut.

Stor-Stokksta’n fortalde endeframt og greitt, han gjorde alder naagaa langt Lag um de, han kom me, Maale va grovt og skjølve og Orde kom takom støytot og mest-som me Tur og Donder, summe Stonde vilde Maale breste for ’om, saa han lout tvinge Orde fram. De fallt ’om tongt aa fortelja, men døkk skulde berre seett, kaar gjenne han gjorde de, lell! Døm va ’om kjære desse gamle Minne um den Gongen han, som no foor paa Legd, va me aa vaaga Live for Folk og Tann i 1814.

Han Ola Stokksta va ein ’taa føraste Karom i heile Bygden da han vart skrivin te Sylater og difor fekk han Namne Stor-Stokksta’n. I 1814 va han me i Slagom ve Lier og Onsta-Sonde. Ve Lier sto han paa høgre Fløyg og i hardaste Beitun kom han paa ein hell a’an Vis fraa Kompenie sine og heldt paa aa vart tikjin te Fange. De va nogre Svenske, som sette ette ’om og ein ’taa døm ropte: „bi, no, Baggen, ska du blifva minn Griss!“ „Aa de er ikje saa visst avgjort de, enno, tenkte eg,“ sa Stokksta’n naar han fortalde um dette. Han sprang onda for aa naa att Kompenie, men best han sprang fekk han sjaa de kom ein svensk Dragon-Lutnan ette se i tenjande Renn. Ja, no nytta ’de lite aa springe og saa ga han upp me di, la Gjevære uppspennt i Olbaagaa-Lykkja og slepte Lutnan inn-paa se. Da han høyrde han trast baka’-for se klemde han av paa eit Raam og da han saag att-um se, seig Lutnan ne ’taa Heste. Svenskann skout Skot i Skot ette ’om, og me di saamaa han foor igjønom eit Grinns-Le, slo de tri Kulo i eine Grinn-Stolpin saa Flisinn spratt. „Saa nere Doua som eg va, den Gongen, va eg ikje sia’, allt mea’ eg laag ute,“ sa han. Men han naadde att Kompenie og sto me te Slage va slutt. Nogre Daagaa ette va han me att ve Onnsta-Sonde, men da vart han tikjin te Vakt saa han vart ikje me i rette Slagje.