Namne fekk han ’taa di han ei Ti’ va paa Bræe og gjekk i Gardom sa te Skjuss, „skaffa Skjuss“, aat di Reisandes, som foor. Bræe ha no vore Skjuss-Skaffar-Gard sia’ den Ti’e Skottann foor, maa’ta. Han Per Skaffar va stygg paa Vokst, framslutin og baagjin og saa lang i Armom, at Henn hans rokk ein go Mon ne-um Knee. Men sterk va han utu Maata.
De foor ein Post-Embetsmann igjønom Dal’n eingong og da han kjørde fraa Bræe, fekk han Skaffar’n te Skjuss-Kar aat Romongard. Mann kjørde aagaaloust fort og han Per vaaga se te aa gjeta paa, at han va forr-hard ve Øyken. De vart Mann saa sinnt for, at han ga ’om Per Hu’e full me Ska’rs-Ord. Han Per ga Illt att og me di gjekk de ut og ut tess han Per vart saa sinnt, at han ga Postmanne ein Neva-Dask. Og han va saa hard, at Mann somna av og vakna ikje upp-att meir, her i Verd’n.
De kom for Retten, detta, og Skaffar’n vart dømt av me Live, hell te aa sitja i Slavrie si heile Leve-Ti’, slik lydde Heimretts-Dommen. No skulde Dommen sendas aat Fout og Amtmann og kaamaa for Lagtinge og Skaffar’n ha faatt Ve’r ’taa, kaa Ti’ Dommen va ventande i Poste. Han visste ’taa, at Post-Kjørar’n stødt va uppe paa Melems-Hougje og fekk se ein Pæ’l Brennvin kaar Gong han foor og den Stonde let han Hesten staa att me Post-Skreppun i Vegje. Den Glotten passa Skaffar’n, han skar upp Skreppa, fann Dommen og tok han. Ingen vart var di, og Sakje me ’om Per Skaffar do burt, saa ingen høyrde meir um ho sia’ og han Per gjekk paa Bræe og „skaffa Skjuss“, som han ha gjort førr.
Han va saa hard i Mat-Fate, Skaffar’n, naar de stakk ’om, at han saag ut te aa vera bott’-lous, og fekk han forr-lite i Sekken, saa lika han se ille. Og ikje likte han aa vera me i tongt Gards-Arbei’, hell; paa Bræe skulde han vera me og graavaa ut Sou-Tallin, ein Vaar, men da la han se laak. Mea’ han laag fekk han lite Mat, berre naagaa Smaa-Brø og inkort som godt va, men som de va liten Mon i – „slikt mona ikje aat Vomben hans Per, de“, sa han sjøl. Me di sto han upp-att,